Skip to main content

E. coli

E. coli er ein tarmbakterie som finst naturleg i tarmen hos dyr og menneske. Bakteriane er vanlegvis ufarlege, men nokre variantar av E. coli har eigenskapar som gjer at dei kan forårsake sjukdom. Sjukdomsforløpet er avhengig av typen E. coli og kan spenne frå ein mild mage-tarm infeksjon til meir alvorleg sjukdom med nyrekomplikasjonar.

 

Publisert

Ei spesiell gruppe E. coli blir kalla EHEC (enterohemoragiske E. coli). Desse bakteriane produserer ein spesiell type giftstoff og kan gi alvorleg sjukdom hos menneske. Reservoaret for EHEC er primært drøvtyggjarar og smitte kan skje ved forureining av mat eller vatn med avføring frå smitteberande dyr. Smitte kan også skje ved direkte kontakt med smitteberande dyr eller smitta menneske.

Spørsmål og svar 

Korleis kan kjøtt bli forureina av E. coli?

E. coli finst i tarmen hos storfe og sauer. Under slaktinga kan overflata av skrotten bli forureina av tarminnhald som alltid inneheld bakteriar. Ved kverning til kjøttdeig kan bakteriane bli fordelte i kjøttet.

Korleis kan grønsaker, frukt og bær bli forureina av E. coli?

Forureining med E. coli kan skje ved bruk av vatningsvatn som er forureina med avføring frå dyr eller menneske. Forureining kan også skje via gjødsling, avføring frå ville dyr og fuglar eller ved uhygienisk handtering, lagring og transport av produkta.

Kva andre måtar enn gjennom mat kan E. coli smitte?

Bakterien smittar svært lett. Sidan E. coli finst i tarmen hos alle varmblodige dyr, er det viktig å alltid vaske hendene etter kontakt med dyr. Ein kan også bli smitta via andre personar og gjenstandar.

Kor vanleg er det at barn blir sjuke av E. coli?

Årleg blir oppdaga rundt 20 sporadiske tilfelle av den E. coli-varianten som blir kalla EHEC i Noreg. To til tre får komplikasjonar i form av nyresvikt. Barn under fem år er særleg utsett for denne typen komplikasjonar. Ein finn ikkje alltid årsaka til desse sporadiske tilfella.

Kva symptom har sjukdommen HUS som blir forårsaka av bakterien E. coli?

Gruppa av E.coli-bakterier som er farlege for menneske blir ofte kalla EHEC (Enterohemorragiske E. coli). Desse har evna til å gi blodig diaré. Etter ei veke, kan det hos nokre barn oppstå nyresjukdom. Symptoma er bleikheit, utmattetheit, hudblødingar og nedsett urinmengd.

Rapportar

Smittestoffer i sukkererter og vaska salat 2021

Tilsynsprogrammet for skil 2018

E. coli i norske kjøttvarar 2018

Smittestoffar i salat og krydderurtar 2017-2019

Analysar av Patogene Escherichia coli i spekepølser 2022

Escherichia coli i kjøt importert frå 3.land

Lenkar til andre 

E. coli-enteritt - rettleiar for helsepersonell (FHI.no)