Temperaturkrav til transport og transportmiddel
Lettskjemte og djupfryste næringsmiddel skal lagrast ved bestemte temperaturar.
Temperaturkravet vil hovudsakleg gå fram av merkinga på produktet. Det vil normalt vere dette:
- Lettskjemte næringsmiddel bør transporterast ved 4 ºC eller lågare, med mindre eit produkt er merkt med ein annan oppbevaringstemperatur.
- Djupfrosne næringsmiddel skal oppbevarast slik at temperaturen er –18 °C eller lågare i heile næringsmiddelet.