Til hovedinnhold
Rapport

Kartleggjing av mykotoksin i næringsmiddel

Ein tilsynsrapport med resultat frå kartleggjing av innhald av soppgifter i næringsmiddel ligg no føre. Det er ikkje funne fleire overskridingar enn i 2004, men ein fann soppgifta ochratoksin A i vesentleg fleire prøver enn året føre. Rapporten syner òg at det ikkje er store skilnader i kvalitet mellom fôrkorn og matkorn med omsyn på innhald av fusariumtoksin.

Publisert

Tilsynsprosjektet for kontroll av mykotoksin i ulike næringsmiddel i 2005 er ei vidareføring av prosjekt frå tidlegare år der det som følgje av EU-pålagd importkontroll har vore fokusert på aflatoksin og ochratoksin A i matvarer. Sidan det i regelverket no er eigne grenseverdiar for soppgiftene aflatoksin og ochratoksin i mat til barn og menneske med spesielle ernæringsbehov, blei prosjektet utvida til å omfatte desse matvaregruppene i 2004.

Kva blei undersøkt?

Målet med prosjektet har vore å få oversikt over førekomsten av aflatoksin og ochratoksin A i aktuelle matvarer, inkludert barnematprodukt.

Nytt i 2005 var at det òg blei teke ut prøvar av korn for analyse av toksin som er produserte av soppen Fusarium. Det blei sett i gong som følgje av rapportar om høge funn av fusariumtoksin i såkorn og korn til fôr frå 2004. Det var òg relevant å undersøkje fordi det skal fastsetjast grenseverdiar for enkelte fusariumtoksin i EU.

Dessutan har det vore eit mål å kartleggje kvaliteten på matkorn med omsyn til fusariumtoksin.

Tidsrom
2011
Kva fann vi?

Produktkategoriane i prøvetakinga for aflatoksin og ochratoksin A var noko endra i forhold til 2004. Det var liten skilnad frå tidlegare år med omsyn til aflatoksinpåvising, mens ochratoksin A blei påvist i vesentleg fleire prøvar enn i 2004. Talet på overskridingar er ikkje høgare enn i fjor.

For toksina HT-2 og T-2 er årsvariasjonen liten i perioden 2002–2004, både i fôrkorn og matkorn. I matkorn blei det påvist DON (deoksynivalenol) i dei fleste kveiteprøvane frå perioden. Det er ein aukande tendens frå 2001 til 2004, sjølv om talet på prøvar med for høgt innhald er nokolunde konstant. Innhaldet av fusariumtoksin i matkorn var like stort som i fôrkorn, noko som tyder at det ikkje er store skilnader i kvalitet.

Dei fleste prøvene var under grensa for kva ein tillet i mat.

Fil
Tilsynsprosjekt for kontroll av mykotoksin i ulike næringsmiddel i 2005 (PDF) (PDF)