Mineraloljehydrokarbon (MOH)
Mineraloljehydrokarbon (MOH) er kjemiske stoff som kjem frå råolje, eller som er produserte syntetisk frå kol, gass og biomasse. Matvarer kan innehalde små mengder MOH frå miljøet, smøring i maskiner brukte til hausting og produksjon av mat, tilsetningsstoff og matemballasje.
MOH frå matkontaktmateriale som papir og papp er mistenkt å vere ei viktig kjelde til at menneske blir eksponerte for desse stoffa.
MOH blir delt inn i to undergrupper basert på den kjemiske strukturen. Metta mineraloljehydrokarbon (MOSH) er sambindingar med metta hydrokarbonkjeder, mens aromatiske mineraloljehydrokarbon (MOAH) er sambindingar som inneheld ein eller fleire aromatiske ringar.
Ulike MOH kan ha veldig varierande helseeffektar. MOSH kan akkumulere i ulike organ og kan påverke levra. Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA) konkludert med at det ikkje er ei helsefare knytt til inntak av MOSH med dagens inntak.
MOAH med tre eller fleire aromatiske ringar kan vere gentoksiske og kreftframkallande, men det finst lite informasjon om mengda som kan vere i mat. Det er også lite informasjon om helseeffektar frå MOAH med ein eller to aromatiske ringar.
Nye tiltak for å regulere mineraloljehydrokarbon (MOH) i mat og matkontaktmateriale er under diskusjon i EFSA og i EU-kommisjonen. Grenseverdiar for aromatiske mineraloljehydrokarbon (MOAH) i mat er på veg.
For dei fleste tilsetningsstoff til næringsmiddel som er produsert frå matkjelder, for eksempel frå feitt og olje, må råvara som er brukt i produksjonen av tilsetningsstoffet, overhalde dei kommande grenseverdiane for MOAH i mat. For tilsetningsstoff produserte frå andre kjelder enn mat, for eksempel voks (E 901, E 902, E 903, E 905, E 914), vil det etter kvart bli innført eigne reinleikskrav for MOAH i spesifikasjonane til tilsetningsstoffa.
Catalogue - Food Safety - European Commission (food.ec.europa.eu)