Fortynningsforbodet
Næringsmiddel- og fôrverksemder er ansvarlege for at råvarer som inngår i prosesserte (foredla) og samansette produkt, oppfyller grenseverdiane i regelverket.
Det er ikkje lov å blande parti med for høge nivå av plantevernmiddelrestar med andre parti som har lågare nivå. Dette vil bli vurdert som ei fortynning, og dette er ikkje tillate i samsvar med plantevernmiddelrestforskrifta.