Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôr
For å sikre at maten er helsemessig trygg, blir det fastsett grenseverdiar for innhaldet av restar av ulike plantevernmiddel. Her kan du finne informasjon om grenseverdiane og korleis du kan finne dei i EU Pesticide Database.
Regelverk
Grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôr er fastsette i forskrift om restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôrvarer (plantevernmiddelrestforskrifta). Det er eige regelverk for grenseverdiane for barnemat.
Noreg har felles regelverk med EU for plantevernmiddelrestar i næringsmiddel og fôr. Plantevernmiddelrestforskrifta er ei tilvisingsforskrift som i § 1 gjennomfører EUs plantevernmiddelrestforordning 396/2005. Noreg fastset fortløpande forordningar som endrar EUs plantevernmiddelrestforordning når desse er blir tatt inn i EØS-avtalen.
Grenseverdi
Grenseverdien (MRL = Maximum Residue Level) er det høgaste tillatne nivået av plantevernmiddelrestar. Grenseverdiane gjeld uavhengig av om produktet blir brukt som næringsmiddel eller fôr.
Fastsetting av grenseverdiar er ein omfattande prosess. Det er EUs vitskapskomité for mattryggleik (EFSA) som vurderer dokumentasjonen for grenseverdiane. Både toksikologiske (helsemessige) og agronomiske forhold inngår i vurderingane. Det må vere dokumentert at restmengdene av plantevernmiddel ikkje er helseskadelege. Det er omfattande krav til toksikologisk dokumentasjon og bruk av den nyaste kunnskapen. Grenseverdiane blir ikkje fastsette høgare enn det er agronomisk behov for. Så lenge eit plantevernmiddel blir brukt slik det er oppgitt på etiketten, skal det ikkje vere nokon fare for at grenseverdiane blir overskridne.
Plantevernmiddelrestforskrifta fastslår at dersom det ikkje finst nokon grenseverdi for eit stoff i ei gitt råvare, så skal grenseverdien settast lik den minste mengda som kan bestemmast med den analysemetoden som blir brukt, dvs. at alle funn av stoffet i denne råvara representerer ei overskriding. Eksisterande grenseverdiar kan bli endra viss bruksområdet er endra, eller viss det kjem ny dokumentasjon om dei toksikologiske eigenskapane til stoffa som tilseier at grenseverdien burde vere lågare.
Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel er angitt i vedlegga til plantevernmiddelrestforskrifta. Grenseverdiane som er fastsette, gjeld som regel for heile produktet uavhengig av om skalet blir ete eller ikkje. Derfor blir heile frukter og grønsaker analyserte med skal. Kva delar som er omfatta av grenseverdien og da skal analyserast for kvart produkt, er oppgitt i vedlegg I til forordning 396/2005 (EU forordning 2018/62) som er fastsett i plantevernmiddelrestforskrifta.
Noreg har ikkje nokon eigen database med grenseverdiar, og funn blir først sjekka mot gjeldande grenseverdi i EU. Laboratoriet hentar grenseverdiane frå EU Pesticides Database.
Standardgrenseverdien
Der det ikkje er fastsett nokon annan risikovurdert grenseverdi for eit plantevernmiddel (aktivt stoff), gjeld det ein standardgrenseverdi (føre-var) på 0,01 mg/kg. Dette følgjer av Artikkel 18, pkt. 1b i plantevernmiddelrestforskrifta.
Måleusikkerheit og overskridingar
For å vurdere om funn av plantevernmiddelrestar er ei overskriding av grenseverdien, skal analyseresultatet alltid korrigerast for måleusikkerheit. Mattilsynet bruker vanlegvis ei 50 prosent standard måleusikkerheit som blir trekt frå analysesvaret. I tilfelle der risikovurderinga eller stoffets eigenskapar (ingen trygge nivå) viser at det kan vere ein helsefare for forbrukarane, skal det brukast ei berekna måleusikkerheit som blir oppgitt av laboratoriet. Berekna måleusikkerheit vil i dei aller fleste tilfella vere lågare enn 50 prosent.
For barnemat skal det alltid brukast ei berekna måleusikkerheit som laboratoriet oppgir, som er spesifikt berekna for metoden og avheng av stoffet og produkttypen.
Eit funn av plantevernmiddelrestar er ei overskriding viss det er over grenseverdien etter korrigering for måleusikkerheit. Det er forbode å omsette produkt med overskridingar sjølv om overskridinga ikkje blir vurdert å medføre akutt helsefare.
EU Pesticides Database
Grenseverdiane for plantevernmiddelrestar som gjeld i EU, kan du ved enkle søk finne i EU Pesticides Database. Her kan du finne endringar i grenseverdiane (MRL) for kvar enkelt kombinasjon av plantevernmiddel og produkt og sjå kva forordning som sist endra grenseverdien. Ver merksam på at det står eit atterhald i denne databasen om at han kan innehalde feil. Du bør derfor sjekke grenseverdiar som finst i databasen, i regelverket i tillegg.
EU Pesticides Database (food.ec.europa.eu)
Viss det er funn over gjeldande EU-grenseverdi, må du også undersøke om denne er fastsett inn i norsk regelverk. Det vil i dei aller fleste tilfella vere den same gjeldande grenseverdien i Noreg og EU, men det kan vere tilfelle der grenseverdien nyleg er endra i EU der han enda ikkje er tatt inn i norsk regelverk. Ved å sjå om forordninga er oppført i plantevernmiddelrestforskrifta (§ 1) på Lovdata, kan du enkelt sjekke om gjeldande EU-forordning er fastsett i norsk regelverk eller ikkje. Her finn du også norske omsettingar av endringsforordningane.