Mattilsynets kontroll av plantevernmiddelrestar
Mattilsynet har det overordna ansvaret for å føre tilsyn med plantevernmiddelrestar i mat, og vi har eit løpande overvakings- og kontrollprogram for plantevernmiddelrestar i næringsmiddel.
Årleg tar vi om lag 1150 prøver av frukt, grønsaker, korn, barnemat med meir. Vi tar ut prøvene hos importørar, grossistlager, næringsmiddelprodusentar, butikkar, dyrkarar og torg. Kvar prøve blir analysert for om lag 380 ulike stoff.
I tillegg blir det kvart år tatt rundt 150 prøver av økologiske produkt i eit eige kontrollprogram. Nokre av desse prøvene blir tatt ut av Debio på vegner av Mattilsynet.
Det er dei delane av matvara som grenseverdien gjeld for, som blir analyserte for plantevernmiddelrestar. Dette inkluderer heile produktet, også skal på frukt og grønsaker der skalet vanlegvis ikkje blir ete (unntak for nøtter).
EU-koordinert og nasjonalt kontrollprogram
Det er vedtatt eit fleirårig samordna kontrollprogram for restar av plantevernmiddel i EU/EØS-området. Formålet er å få ei oversikt over eksponering av plantevernmiddel i heile EU/EØS-området. Mattilsynets overvakingsprogram består av dette EU-koordinerte programmet og eit nasjonalt kontrollprogram.
Bruken av plantevernmiddel kan variere frå år til år. Det er derfor viktig å ha eit kontinuerleg overvakingssystem og å følge med på både ulike typar av plantevernmiddel og næringsmiddel. EU-programmet omfattar også uttak av enkelte animalske produkt.
Ein kan ikkje utan vidare samanlikne resultata frå år til år da prøveuttak, analysespekter og kvantifiseringsgrensene for analysemetodane kan bli endra. Resultata viser likevel at det blir påvist fleire restar og dessutan at det er fleire overskridingar av grenseverdiane på importert frukt og grønsaker samanlikna med norske produkt.
Funn av plantevernmiddel
Frukt, bær og grønsaker er dei matvaregruppene der vi oftast finn restar av plantevernmiddel. Restmengdene er generelt låge og oftast godt under grenseverdiane.
Viss vi finn overskridingar av grenseverdiane, blir partiet trekt frå marknaden. Mattilsynet kan også gjennomføre ein retta kontroll av neste vareparti med same produkt/opphav (produsent). Ved ein retta kontroll er varepartiet sperra inntil analysesvara er vurderte.
Det er sjeldan nokon akutt helsefare knytt til restar av plantevernmiddel i produkt som er dyrka i Noreg eller andre land i EU/EØS. Overvakinga viser at det er ein mykje høgare risiko for overskridingar i vegetabilske produkt som er importerte frå land utanfor EU/EØS. I nokre land kan det vere lov å bruke plantevernmiddel som ikkje er godkjende i EU/EØS. Det kan derfor vere noko høgare risiko for at slike produkt kan medføre akutt helsefare for forbrukarane.
For nokre produkt frå bestemte opphavsland er det problem med gjentakande overskridingar av grenseverdiar for plantevernmiddelrestar. For visse importerte ikkje-animalske risikoprodukt frå desse landa er det derfor krav om auka importkontroll og dokumentasjonskrav.
Oversikt over overskridingar frå overvakingsprogrammet blir fortløpande publisert på Mattilsynets nettsider:
Liste over overskridelser for plantevernmidler
Sjå også årsrapportane frå overvakingsprogrammet for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel.