Overgangsordningar for produkt som allereie er på marknaden
Når EU fastset lågare grenseverdiar, gir dei i nokre tilfelle ei overgangsordning for produktparti som allereie er på marknaden.
Slike overgangsordningar inneber at dei tidlegare grenseverdiane framleis gjeld for enkelte produkt som ikkje er i samsvar med dei nye grenseverdiane. I slike tilfelle må verksemdene dokumentere at det aktuelle partiet allereie var produsert i EU/EØS eller importert til EU/EØS før datoen dei nye grenseverdiane gjeld frå.
Overgangsordningane blir berre gitt for grenseverdiar som EFSA (European Food Safety Authority) har vurdert som helsemessig trygge for forbrukaren.
Du kan finne informasjon om eventuelle overgangsordningar i dei aktuelle endringsforordningane til regelverket (plantevernmiddelrestforskrifta).