Mattilsynets kontroll av plantevernmiddelrestar i mat

Mattilsynet har det overordna ansvaret for å føre tilsyn med plantevernmiddelrestar i mat, og vi har eit løpande overvakings- og kontroll­program for plantevernmiddel­restar i nærings­middel der det årleg blir cirka tatt ut 1150 prøver av frukt, grønsaker, korn, barnemat med meir.

Publisert
Vis endring
  1. Teksten er skrevet om

    Det er lagt informasjon om at det er en betydelig høyere risiko for overskridelser av grenseverdier og høyere risiko for plantevernmiddelrester i importerte produkter enn i produkter som er produsert i Norge eller EU/EØS.

Prøvene blir tatt ut hos importørar, grossistlager, butikkar, dyrkarar og torg.

I tillegg blir det tatt årleg cirka 150 prøver av økologiske produkt i eit eige kontroll­program. Nokre av desse prøvene blir tatt ut av Debio på vegner av Mattilsynet.

Analyse av plantevernmiddel­restar blir gjort av dei delane av matvara som grense­verdien gjeld for, og dette inkluderer vanlegvis heile produktet som for eksempel skal (unntak for nøtter), også for frukt og grønsaker der skalet vanlegvis ikkje blir ete.

Viss vi finn for mykje restar av plantevern­middel, vil Mattilsynet krevje at partiet blir trekt frå marknaden. Mattilsynet kan også velje å gjennomføre ein retta kontroll av neste vareparti med same produkt/opphav (produsent). Ved ein retta kontroll står vare­partiet sperra inntil analyse­svara er klare.

Resultata frå Mattilsynets kontroll og andre lands resultat viser at det er ein mykje høgare risiko for overskridingar av grense­verdiar og høgare risiko for plantevernmiddel­restar i importerte produkt (frukt, grønsaker og andre vegetabilske produkt). Desse produkta blir vurderte i noko større grad til å kunne medføre mogleg akutt helsefare for forbrukar.

For nokre produkt frå bestemte opphavsland er det problem med gjentakande overskridingar av grenseverdiar for plantevernmiddel­restar. For visse importerte ikkje-animalske risiko­produkt frå desse landa er det derfor krav om auka importkontroll og dokumentasjonskrav.

Det er sjeldan nokon akutt helsefare knytt til restar av plantevern­middel i produkt som er dyrka i Noreg og i EU-landa.