Bruk av fiskeslam i gjødselvarer
Det er ei aukande interesse for bruk av fiskeslam som råvare i gjødselvarer. Her får de ei oversikt over dei viktigaste reglane som gjeld for slik produksjon.
Innhald på denne sida
- Verksemder skal registrere seg hos Mattilsynet
- Marint fiskeslam skal ha løyve for å brukast i gjødselvarer
- Gjødselvarene skal overhalde grenseverdiane for tungmetall
- Produktet skal ikkje spreie smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar
- Validering av smittereduserande behandling
- Produktet må vere stabilisert
- Aktsemdsplikt for miljøgifter
- Gjødselvarer skal ha varedeklarasjon
- De må gjere ei agronomisk vurdering
- Bruk av fiskeslam som gjødsel i økologisk landbruk
- Lokal bruk av ubehandla fiskeslam
- Fiskeslam kan bli inkludert i animaliebiproduktregelverket
- Eksport av gjødselvarer med fiskeslam
Fiskeslam er næringsrikt, og kan difor vere ei interessant råvare å nytte i produksjon av gjødselvarer, anten åleine eller i kombinasjon med andre råvarer. Gjødselregelverka stiller ei rekkje krav til kvaliteten på gjødselvarer og bruk av produkta. Regelverka stiller også krav til råvarer som blir brukte, og til produksjonen av gjødselvarer. Det er viktig at verksemder som produserer gjødselvarer av fiskeslam har god kjennskap til dei aktuelle regelverka.
Verksemder skal registrere seg hos Mattilsynet
Produsentar og dei som omset eller importerer gjødselvarer, skal registrerast hos Mattilsynet før dei startar opp. Registreringsplikta gjeld også verksemder som forbehandlar eller blandar råvarer.
Verksemder som produserer gjødselvarer, skal ha internkontroll som oppfyller krava i gjødselvareforskriften.
Sjå registreringsskjema og meir informasjon om registreringa: Registrering av gjødselvarevirksomhet
Marint fiskeslam skal ha løyve for å brukast i gjødselvarer
Fiskeslam frå ferskvassoppdrett er tillate som råvare i gjødselvarer. Med ferskvatn meiner vi vatn med opptil 0,5 promille saltinnhald. Det er ikkje tillate å bruke fiskeslam frå saltvassoppdrett, men ein kan søkje Mattilsynet om løyve.
For å få løyve skal ikkje råvarene utgjere fare for helse og miljø. Det er òg krav om at råvara skal ha ein dokumenterbar nytteverdi for produktet eller produksjonsprosessen det skal brukast i. Dersom ei verksemd blandar slam frå ferskvatn og sjøvatn, kan dei ikkje bruke dette utan løyve frå Mattilsynet. Oppdrett i brakkvatn vil truleg liggje over grensa for saltinnhald og vil derfor trenge løyve for å nyttast som råvare.
Les meir om tillatne råvarer og godkjenningsordning for nye råvarer i kapittel 4 Råvarer og tilsetningsstoffer i Veileder til gjødselvareforskriften
Sjå søknadsskjema for nye råvarer Søknad nye gjødselvareråvarer
Definisjon av ferskvatn og sjøvatn:
e. Ferskvann: vann med inntil 0,5 promille saltinnhold.
k. Sjøvann: vann med minst 0,5 promille saltinnhold.
Gjødselvarene skal overhalde grenseverdiane for tungmetall
Det er grenseverdiar for innhaldet av tungmetall i råvarer som skal brukast i gjødselvarer, og i dei ferdige gjødselvarene. Grenseverdiane skal sikre trygge produkt, og produsentane må ha rutinar som sikrar at det blir tatt prøver både av fiskeslam som blir tatt inn til behandling, og av den ferdige gjødselvara.
Det hender at gjødselvarer basert på fiskeslam overstig grenseverdiane for tungmetall. Vi ser at særleg innhaldet av kadmium og sink i fiskeslammet kan vere høgt. Difor er det viktig at produsentar av gjødselvarer har rutinar for prøvetaking av tungmetall, både i fiskeslam som blir tatt inn til behandling, og i den ferdige gjødselvara. Dersom de ser at innhaldet av tungmetall er høgt, bør de gå gjennom kva som kan vere kjeldene, og vurdere om det er mogleg å få ned innhaldet i fiskeslammet. Det er ikkje lov å tynne ut eit slam med eit anna slam eller andre råvarer for å komme under grenseverdiane for tungmetall.
Grenseverdiar for tungmetall i ferdige gjødselvarer kan reknast ut på to ulike måtar. I mange tilfelle kan produsenten sjølv vurdere kva for eitt av dei to alternativa dei vil bruke. For det første alternativet blir tungmetallinnhaldet rekna i forhold til tørrstoffinnhaldet i produktet, og ut frå konsentrasjonen blir produktet plassert i ein tungmetallklasse. I det andre alternativet blir tungmetallinnhaldet rekna i forhold til fosforinnhaldet i produktet, og dette blir omtalt som fosforbaserte grenseverdiar. Alternativet med fosforbaserte grenseverdiar kan vere eit gunstig alternativ der fiskeslam blir brukt som råvare i biogassanlegg.
Les meir om grenseverdiar for tungmetall i gjødselvarer i kapittel 5 i rettleiaren Veileder til gjødselvareforskriften
Produktet skal ikkje spreie smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar
Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har vurdert bruk av fiskeslam som gjødselvare. Dei har konkludert med at bruk av uhygienisert fiskeslam kan føre til spreiing av smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar.
Fiskeslam må behandlast slik at det ferdige gjødselproduktet ikkje inneheld smittestoff som kan spreie seg vidare. Fiskeslam er ikkje omfatta av animaliebiproduktregelverket, og difor vil ikkje ei godkjenning av anlegget etter animaliebiproduktregelverket vere tilstrekkeleg for å sikre at ein gjødselvare som inneheld fiskeslam, er fri for sjukdomsframkallande smittestoff for fisk.
Gjødselvareforskrifta krev at råvarer med smitterisiko skal gjennomgå ei smittereduserande behandling. Forskrifta har ikkje konkrete krav til korleis den smittereduserande behandlinga skal gjerast. Verksemdene kan sjølv velje metode, men dei må dokumentere at hygieniseringsmetoden er effektiv for å fjerne smittefare. Vurderingar og dokumentasjon skal vere i samsvar med krava til validering (sjå neste kapittel).
Veterinærinstituttet har gjort ei vurdering av hygieniseringsmetodar i biogassanlegg. Dei har konkludert med at ei varmebehandling ved 75 °C samanhengande i 60 minutt som ei forbehandling i biogassanlegg, vil vere ei tilstrekkeleg smittereduserande behandling av fiskeslam i forhold til smittestoff som kan forårsake sjukdommar hos fisk. Mattilsynet meiner derfor det ikkje er naudsynt å gjennomføre valideringsforsøk viss ein nyttar ei slik behandling.
Gjødselvareregelverket har generelle krav til prøvetaking for å sikre at produkta ikkje spreier sjukdomssmitte og frø. I den daglege drifta skal det takast analysar av E.coli etter hygieniseringstrinnet. I tillegg skal ikkje den ferdige gjødselvara innehalde Salmonella, spiredyktige frø og andre plantedelar. Verksemda skal vurdere kor ofte det skal takast analysar av frø og mikrobiologiske parameterar som ein del av internkontrollen. Les meir i Veileder for prøvetaking av slam, kompost og andre avfallsbaserte gjødselvarer.
Dersom biogassanlegg som nyttar fiskeslam, også tek imot uhygienisert husdyrgjødsel som ikkje gjennomgår ein smittereduserande behandling i anlegget, vil blandinga med husdyrgjødsel føre til at bioresten blir definert som uhygienisert, sjølv om fiskeslammet er hygienisert. Det er ikkje tillate å flytte ein slik biorest over fylkesgrensa viss ein ikkje har eit særskilt løyve til det.
Validering av smittereduserande behandling
De må gjennomføre eit valideringsforsøk for å dokumentere hygieniseringmetoden. Valideringa kan gjennomførast på eige anlegg, men viss fleire biogassanlegg nyttar den same metoden for hygienisering, kan dei gå saman om felles dokumentasjon.
Mattilsynet skal ikkje godkjenne valideringa, men dokumentasjon på valideringa skal vere tilgjengeleg for Mattilsynet ved tilsyn. Ei validering inneheld fleire steg:
1. Identifisere éin eller fleire eigna indikatororganismar for podeforsøk
Indikatororganismar treng ikkje nødvendigvis å vere sjukdomsframkallande organismar, men dei må overleve behandlinga minst like godt som dei sjukdomsframkallande organismane de vil sikre at ikkje overlever hygieniseringa. Gjødselvareforskriften føreslår fleire aktuelle indikatororganismar (§ 19 bokstav b-e), men desse er ikkje vurderte som relevante for fiskesjukdommar i fiskeslam. Verksemdene må sjølv vurdere kva som er eigna indikatororganismar (§19 bokstav f). For verksemder som vil starte ein validering, tilrår vi å kontakte Mattilsynet i framkant for å diskutere foreslåtte indikatororganismar.
2. Identifisere kritiske prosessparameterar i hygieniseringstrinn og kritiske grenser for desse parameterane, som man seinare vil sikre og dokumentere at vert overhalde i dagleg drift av anlegget
Eit døme på dette kan vere at temperaturen i materialet skal overstige ein viss temperatur i eit minimum antal minutt. I praksis må ein først velje seg eit sett med kritiske prosessparameterar og kritiske grenser for desse. Deretter må ein gjennomføre eit podeforsøk for å undersøkje om dette er tilstrekkeleg smittereduserande behandling.
3. Gjennomføre podeforsøk med dei utvalde indikatororganismane
Podeforsøk skal utførast på ein systematisk og vitskapleg måte under relevante forsøksvilkår. Døme på gjennomføring av podeforsøk finn de i SirkNorges rapport for validering av storrankekompostering:Use of S. senftenberg 775w H₂S negative to identify CCP for hygiene verification of the composting process (avfallnorge.ams3.digitaloceanspaces.com)
Etter at valideringsforsøket er gjennomført, skal dei kritiske driftsparameterane som er identifiserte i valideringa, følgjast opp og dokumenterast i den daglege drifta av anlegget. Mattilsynet kan be om å få sjå denne dokumentasjonen når vi gjer tilsyn.
Produktet må vere stabilisert
Produktet må vere stabilisert, slik at det ikkje skaper luktproblem eller andre miljøproblem ved lagring og bruk.
Stabilisering kan til dømes vere tørking, kompostering eller behandling i biogassanlegg.
Aktsemdsplikt for miljøgifter
Verksemder som skal omsette gjødselvarer, har ei aktsemdsplikt for miljøgifter.
Det er viktig at de tenkjer på at produktet kan tilførast jorda regelmessig, og at det ikkje har negative konsekvensar for helse eller miljø på lang sikt.
Verksemda skal ha kunnskap om innhaldet av uønskte stoff i råvarer og i den ferdige gjødselvara. Verksemda skal òg arbeide systematisk for å hindre at gjødselvarene inneheld uønskte stoff i mengder som kan skade helse eller miljø ved bruk. For fiskeslam er det særleg aktuelt å vurdere legemiddel og dei organiske miljøgiftene som ein ofte finn igjen i fisk og fiskefôr. I tillegg må eventuelle tilsetjingar i fiskeslammet eller prosesstilsetjingar (til dømes polymerar) vurderast.
Les meir om aktsemdsplikten i kapittel 4 i Veileder til gjødselvareforskriften
Gjødselvarer skal ha varedeklarasjon
Alle gjødselvarer skal følgjast av ein varedeklarasjon. Denne skal blant anna gje informasjon om kvaliteten til produktet, kven som er produsent og tilrådingar om bruk. Deklarasjonen skal stå på emballasjen eller etiketten til produktet eller gå fram av følgjedokumenta.
Innhaldet av natrium og klorid skal deklarerast dersom det overstig visse minimumsnivå.
Fiskeslam er ikkje eit avløpsslam etter definisjonen i denne forskrifta. Gjødselvarer som inneheld fiskeslam, skal difor ikkje merkast med dei spesielle bruksavgrensingane for avløpsslam § 22 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
De må gjere ei agronomisk vurdering
Gjødselvarer skal ha ein dokumenterbar og positiv verknad på plantevekst. De må difor vurdere gjødseleffekten av produktet de omset.
Fiskeslam er rikt på nitrogen og fosfor, men plantetilgjengelegheita vil avhenge av behandlingsmetode. Bruken av fosforhaldig gjødsel i jordbruket vil få strengare avgrensingar i åra som kjem. Derfor kan det vere behov for å transportere det ferdige gjødselproduktet til marknader som ligg langt unna produksjonsanlegget. Vi tilrår eit nært samarbeid mellom oppdrettsnæringa, gjødselprodusentar, jordbruket og forskingsmiljø for å finne fram til nye produkt som er tilpassa agronomiske behov, og som gir ei god ressursutnytting.
Fiskeslam kan innehalde natrium og klor som påverkar planteveksten negativt. Derfor bør de analysere innhaldet av desse stoffa, og sikre at innhaldet i det ferdige gjødselproduktet ikkje er for høgt i forhold til korleis produktet skal brukast.
Les meir om NIBIO sin forsking på fiskeslam som gjødsel: Fiskeslam (nibio.no)
Bruk av fiskeslam som gjødsel i økologisk landbruk
Fiskeslam frå økologisk akvakultur kan brukast som råvare i gjødselvarer som skal brukast i økologisk landbruksproduksjon.
Eit slikt gjødselprodukt må følgje dei generelle krava i gjødselregelverket, i tillegg må det brukast i samsvar med regelverket for økologisk landbruksproduksjon.
Det er ikkje tillate å bruke gjødselvarer som inneheld fiskeslam frå konvensjonell akvakulturproduksjon i økologisk landbruk.
Les meir om næringstilførsel i økologisk landbruk i kapittel 2 i Veileder for økologisk landbruk.
Lokal bruk av ubehandla fiskeslam
Det er ikkje tillate å bruke ubehandla fiskeslam i gjødselvarer, sjølv om fiskeslammet skal spreiast på jord i nærleiken av oppdrettsanlegget.
Nokre mindre settefiskanlegg omset uhygienisert fiskeslam til lokale bønder. Den nye gjødselvareforskrifta forbyr bruk av uhygienisert fiskeslam som gjødselvare. Nokre verksemder har dispensasjon til å vidareføre denne praksisen frem til 1. januar 2026.
Fiskeslam kan bli inkludert i animaliebiproduktregelverket
Fiskeslam er ikkje regulert i animaliebiproduktregelverket. Det foregår diskusjonar i EU om å inkludere fiskeslam.
Viss dette blir endra, er det animaliebiproduktregelverket som bestemmer kva for smittereduserande behandling slammet skal gjennomgå. Mattilsynet følgjer diskusjonane i EU.
Eksport av gjødselvarer med fiskeslam
Gjødselvarer med fiskeslam kan omsetjast til EU/EØS-land og land utanfor EU/EØS-området dersom mottakarlandet aksepterer det.
Dette kan gjerast ved å følgje regelverket for produksjon av gjødselvarer i mottakarlandet, men det norske regelverk for produksjon av gjødselvarer vil framleis gjelde.
Eit anna alternativ ved eksport til EU/EØS-land, er å følgje det norske gjødselvareregelverket og nytte seg av prinsippet om gjensidig godkjenning av varer. Vi tilrår å søkje rettleiing i landet de ønsker å eksportere til.
Gjensidig godkjenning av varer (regjeringen.no)
EUs plantehelseregelverk gir ikkje løyve til å eksportere gjødselvarer frå Noreg til EU dersom varene inneheld plantemateriale. Dersom ei gjødselvare er laga av ei blanding av fiskeslam og plantemateriale vil det derfor ikkje vere tillate å omsetje til EU. De bør søkje rettleiing i landet de ønskjer å eksportere til.
Fiskeslam er førebels ikkje ei tillaten råvare i produksjonen av gjødselvarer etter EUs nye gjødselvareregelverk (EU) 2019/1009 for CE-merka gjødselvarer.
Dersom ubehandla fiskeslam skal eksporterast, til dømes for behandling i biogassanlegg i EØS-land, skal det meldast som avfall etter Miljødirektoratets regelverk. Dykk kan lese meir om søknadsprosedyren her: