De må gjere ei agronomisk vurdering

Gjødselvarer skal ha ein dokumenterbar og positiv verknad på plantevekst. De må difor vurdere gjødseleffekten av produktet de omset.

Publisert

Fiskeslam er rikt på nitrogen og fosfor, men plantetilgjengelegheita vil avhenge av behandlingsmetode. Bruken av fosforhaldig gjødsel i jordbruket vil få strengare avgrensingar i åra som kjem.  Derfor kan det vere behov for å transportere det ferdige gjødselproduktet til marknader som ligg langt unna produksjonsanlegget. Vi tilrår eit nært samarbeid mellom oppdrettsnæringa, gjødselprodusentar, jordbruket og forskingsmiljø for å finne fram til nye produkt som er tilpassa agronomiske behov, og som gir ei god ressursutnytting.

Fiskeslam kan innehalde natrium og klor som påverkar planteveksten negativt. Derfor bør de analysere innhaldet av desse stoffa, og sikre at innhaldet i det ferdige gjødselproduktet ikkje er for høgt i forhold til korleis produktet skal brukast.

Les meir om NIBIO sin forsking på fiskeslam som gjødsel: Fiskeslam (nibio.no)

Sida er ein del av denne rettleiinga: