Eksport av gjødselvarer med fiskeslam

Gjødselvarer med fiskeslam kan omsetjast til EU/EØS-land og land utanfor EU/EØS-området dersom mottakarlandet aksepterer det.

Fagleg gjennomgått

Dette kan gjerast ved å følgje regel­verket for produksjon av gjødselvarer i mottakar­landet, men det norske regelverket for produksjon av gjødsel­varer vil framleis gjelde.

Eit anna alternativ ved eksport til EU/EØS-land er å følgje det norske gjødselvarer­egelverket og nytte seg av prinsippet om gjensidig godkjenning av varer. Vi tilrår å søkje rettleiing i landet de ønskjer å eksportere til.

Gjensidig godkjenning av varer (regjeringen.no)

EUs plantehelse­regelverk gir ikkje løyve til å eksportere gjødselvarer frå Noreg til EU dersom varene inneheld plantemateriale. Dersom ei gjødselvare er laga av ei blanding av fiskeslam og plante­materiale, vil det derfor ikkje vere tillate å omsetje til EU. De bør søkje rettleiing i landet de ønskjer å eksportere til.

Fiskeslam er førebels ikkje ei tillaten råvare i produksjonen av gjødsel­varer etter EUs nye gjødselvareregelverk (EU) 2019/1009 for CE-merkte gjødselvarer.

Dersom ubehandla fiske­slam skal eksporterast, til dømes for behandling i biogass­anlegg i EØS-land, skal det meldast som avfall etter Miljødirektoratets regelverk. De kan lese meir om søknads­prosedyren her:

Eksportere meldepliktig avfall (miljodirektoratet.no)

Sida er ein del av denne rettleiinga: