Gjødselvarene skal overhalde grenseverdiane for tungmetall
Det er grenseverdiar for innhald av tungmetall i gjødselvarer for å sikre trygge produkt. Produsentane må ha rutinar for å ta prøver både av fiskeslam som blir tatt inn til behandling, og av den ferdige gjødselvara,
Ei gjødselvare basert på fiskeslam kan overskride grenseverdiane for tungmetall. Vi ser at det spesielt er kadmium- og sinkinnhaldet i fiskeslammet som kan vere høgt. Det er derfor viktig at produsentar av gjødselvarer har rutinar for prøvetaking av tungmetall, både i fiskeslam som blir tatt inn til behandling, og i den ferdige gjødselvara. Dersom de ser at tungmetallinnhaldet er høgt, bør de gå gjennom kva som kan vere kjeldene, og vurdere om det er mogleg å få ned innhaldet i fiskeslammet.
Gjødselvarene blir inndelte i kvalitetsklasse 0 – III etter innhald av tungmetall, der kvalitetsklasse 0 har lågast innhald. Kvalitetsklassen til produktet blir avgjord av innhaldet av det tungmetallet som fell i den høgaste kvalitetsklassen. Det er ulike bruksavgrensingar for gjødselvarer i dei ulike kvalitetsklassane, og klassane finn dykk i forskrift § 27. For eksempel kan gjødselvarer som skal brukast i jordbruk ikkje ha ein høgare kvalitetsklasse enn klasse II.
Regelverk
OPPHEVET Forskrift om organisk gjødsel
Kilde: Lovdata.no