Lokal bruk av ubehandla fiskeslam

Det er ikkje unntak frå registreringsplikt for dei som leverer ubehandla fiskeslam til lokalt landbruk. Det må gjerast nødvendige analysar av fiskeslammet, og produktet skal merkast i samsvar med gjødselvareforskrifta. 

Publisert

Nokon mindre settefiskanlegg omset uhygienisert fiskeslam til lokale bønder. Denne praksisen er problematisk både med tanke på smitterisiko, lukt i nærmiljøet og god utnytting av ressursane i fiskeslammet.

I forslag til nytt gjødselvareregelverk har Mattilsynet varsla at det vil bli ei strengare praktisering av kravet til hygienisering og stabilisering av fiskeslammet, og det er gjort tydeleg i høyringsdokumenta at fiskeslam ikkje kan omsettast for bruk før det har gått gjennom slik behandling.

Fiskeslam blir ikkje definert som husdyrgjødsel i gjødselvareforskrifta, og kan ikkje brukast ubehandla etter same reglar som ubehandla husdyrgjødsel.

Regelverk

OPPHEVET Forskrift om organisk gjødsel