Validering av smittereduserande behandling for fiskeslam som skal brukast i gjødselvarer

De må gjennomføre eit valideringsforsøk for å dokumentere hygieniseringmetoden. Valideringa kan gjennomførast på eige anlegg, men viss fleire biogassanlegg nyttar den same metoden for hygienisering, kan dei gå saman om felles dokumentasjon.

Publisert

Mattilsynet skal ikkje godkjenne valideringa, men dokumentasjon på valideringa skal vere tilgjengeleg for Mattilsynet ved tilsyn. Ei validering inneheld fleire steg:

1. Identifisere éin eller fleire eigna indikatororganismar for podeforsøk

Indikatororganismar treng ikkje nødvendigvis å vere sjukdomsframkallande organismar, men dei må overleve behandlinga minst like godt som dei sjukdomsframkallande organismane de vil sikre at ikkje overlever hygieniseringa. Gjødselvareforskriften føreslår fleire aktuelle indikatororganismar (§ 19 bokstav b-e), men desse er ikkje vurderte som relevante for fiskesjukdommar i fiskeslam. Verksemdene må sjølv vurdere kva som er eigna indikatororganismar (§19 bokstav f).  For verksemder som vil starte ein validering, tilrår vi å kontakte Mattilsynet i framkant for å diskutere foreslåtte indikatororganismar.

2. Identifisere kritiske prosessparameterar i hygieniseringstrinn og kritiske grenser for desse parameterane, som man seinare vil sikre og dokumentere at vert overhalde i dagleg drift av anlegget

Eit døme på dette kan vere at temperaturen i materialet skal overstige ein viss temperatur i eit minimum antal minutt. I praksis må ein først velje seg eit sett med kritiske prosessparameterar og kritiske grenser for desse. Deretter må ein gjennomføre eit podeforsøk for å undersøkje om dette er tilstrekkeleg smittereduserande behandling.

3. Gjennomføre podeforsøk med dei utvalde indikatororganismane

Podeforsøk skal utførast på ein systematisk og vitskapleg måte under relevante forsøksvilkår. Døme på gjennomføring av podeforsøk finn de i SirkNorges rapport for validering av storrankekompostering:Use of S. senftenberg 775w H₂S negative to identify CCP for hygiene verification of the composting process (avfallnorge.ams3.digitaloceanspaces.com)

Etter at valideringsforsøket er gjennomført, skal dei kritiske driftsparameterane som er identifiserte i valideringa, følgjast opp og dokumenterast i den daglege drifta av anlegget. Mattilsynet kan be om å få sjå denne dokumentasjonen når vi gjer tilsyn.

Regelverk

Gjødselvareforskriften § 19

§ 19. Validering av hygieniseringsmetoder
Valideringen av nye hygieniseringsmetoder skal:
  1. a.
    gjennom vitenskapelig dokumentasjon under relevante forsøksbetingelser vise at faren for overføring av smittestoffer til mennesker, dyr eller planter ved bruk eller annen håndtering av det organiske materialet er redusert til et akseptabelt nivå
  2. b.
    vise ved poding at innholdet av indikatororganisme Ascaris suum er redusert til null
  3. c.
    vise ved poding at metoden gir minimum 99,9 prosent (5 log10) inaktivering av Salmonella Senftenberg (775W, H2S-negative)
  4. d.
    vise at innholdet av E. coli er redusert til 1000 CFU per gram våtvekt for gjødselvarer der det er relevant
  5. e.
    vise ved poding at antallet infektive cyster av potetcystenematode er redusert til null for gjødselvarer der dette er relevant
  6. f.
    identifisere hvor i behandlingsprosessen hygieniseringen skjer
  7. g.
    identifisere hvilke prosessparametere som er kritiske for hygieniseringen
  8. h.
    bestemme kritiske grenser for aktuelle prosessparametere i hygieniserende behandlingstrinn.
I tilfeller hvor kravene i bokstav b, c, d og e ikke er relevante, kan det identifiseres andre egnende indikatororganismer. Hygieniseringsmetoden må redusere disse til et akseptabelt nivå.
Se heile forskrifta (lovdata.no)

Kilde: Lovdata.no

Sida er ein del av denne rettleiinga: