Bruk av plantevernmiddel nær vatn
For å verne plante-, dyre- og folkehelsa og miljøet har vi i Noreg strenge reglar for bruk av plantevernmiddel og avstand til vatn.
Du som bruker plantevernmiddel har plikt til å følge etiketten på plantevernmiddelet og å setje i verk formålstenlege tiltak for å redusere risikoen for vassforureining. Du må også føre journalar over tiltaka.
Nokre etikettar angir avstandsgrense
I utgangspunktet er det forbode å spreie plantevernmiddel frå bakken nærmare enn tre meter frå overflatevatn. Du kan likevel bruke kortare avstand der etiketten til plantevernmiddelet inneheld ein tabell som spesifiserer avstandsgrenser til vatn ved avdriftsreduksjon.
Her finn du etikettane til alle plantevernmiddel som er godkjente med avdriftsreduksjon.
Du ser kva plantevernmiddel som er godkjente med redusert avstandsgrense ved å velje "Vel filter" og deretter "Avdriftsreduksjon" i nedtrekkmenyen. Etiketten får du fram om du klikkar på registreringsnummeret til preparatet.
Vi anbefaler alltid å sjå på Mattilsynets nettside for etikettoppdateringar om du har eit preparat som er kjøpt for meir enn seks månader sidan.
Krav om vegetert buffersone for nokre plantevernmiddel
Vegeterte buffersoner er vegetasjonsbelte med tett markdekke som ligg mellom åker og overflatevatn. Dei held igjen plantevernmiddel som elles ville hamna i vatnet.
Det er nokre få plantevernmiddel som har krav til ei slik buffersone fordi dei har eigenskapar som gjer at det er spesielt stor risiko for negative effektar i vassmiljø ved avrenning.
Sjå rettleiaren Vegeterte buffersoner mot plantevernmidler i overflatevann.
Avstand ved sprøyting av plantevernmiddel nær drikkevassbrønn
Det er ikkje gitt konkrete avstandskrav i regelverket. Avstanden må vurderast i kvart enkelt tilfelle, ut frå lokale forhold og plantevernmiddelet du skal bruke.
Ver merksam på inntaksområdet til drikkevassbrønnen, ikkje berre sjølve brønnen.
Sjå òg
Veileder om tiltak som gir avdriftsreduksjon ved bruk av plantevernmidler