Krav til rutinar: Farekartlegging, beredskapsplanar og øvingar for vassverkseigar

Vassverkseigar skal ha rutinar som sikrar at farekartleggingar og beredskapsplanar er oppdaterte, og at det blir gjennomført øvingar.

Fagleg gjennomgått

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Vi tilpassar fokuset vårt på grunn av den endra sikkerheitssituasjonen i Europa og Norden.

Mattilsynet jobbar med å styrke beredskapen innan mattryggleik, drikkevatn, dyre- og plantehelse og dessutan atomberedskap. Vassforsyningssystem er ein av dei mest kritiske samfunnsfunksjonane, og vern og vedlikehald av desse systema er avgjerande for å sikre tilgang til trygt drikkevatn og støtte andre viktige samfunnsfunksjonar. Det er derfor viktig at Mattilsynet fører tilsyn med drikkevassforsyningane i 2026. Vi vil kontrollere om vassverkseigarar har etablert rutinar som sikrar at vassforsyninga oppfyller krava til helse, sikkerheit og leveringssikkerheit, og at rutinane er baserte på ei farekartlegging.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Vi vil bruke vassverksdata frå dei årlege innrapporteringane og andre risikobaserte kriterium for å velje ut vassverk vi ønsker å føre tilsyn med i 2026. Gjennom tilsyn vil vi også rettleie vassverkseigarar om kor viktig regelmessige farekartleggingar er, at resultata etter kartlegginga blir vidareførte inn i revisjon av beredskapsplanen, og at vassverkseigarar gjennomfører øvingar baserte på oppdaterte planar.

Kva betyr det for deg?

De skal gjennom den årlege innrapporteringa svare på spørsmål under temaet "Sikkerheit/​Beredskap/​Internkontroll". Svara skal vere oppdaterte i forhold til aktiviteten i 2025.

Vi vil i løpet av 2026 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla, og vi vil avtale tidspunktet for gjennomføringa med dykk.

Forskrifta om digital tryggleik tredde i kraft 1. oktober 2025, og ho gjeld for alle vassforsyningssystem som handterer minst 2000 m³ vatn per døgn. Mattilsynet vil i løpet av 2026 begynne å føre tilsyn etter denne forskrifta.

Relevante lenker

§ 6 Farekartlegging og farehandtering - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 9 Leveringssikkerhet - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 10 Dere skal sikre vassbehandlingsanlegget og distribusjonssystemet - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 11 Beredskap - Rettleier til drikkevassforskrifta

§ 12 Beskyttelsestiltak - Rettleier til drikkevassforskrifta

Leveringssikkerheit for drikkevatn

§ 1.23 Tilbydere av samfunnsviktige tjenester (lovdata.no)

Sida er ein del av denne rettleiinga: