Grunneigarar kan få godtgjering for villsvin felt på eigedommen sin

Du som er grunneigar, kan få godtgjering for villsvin felt på eigedommen din.

Fagleg gjennomgått

Godtgjeringa er på 4000 kroner per felte dyr. Det er Mattilsynet som utbetaler godtgjeringa. For å få godtgjering for villsvin som er skote på eigedommen din, må det vere tatt prøver av villsvinet.

Vi ønsker å ha så få villsvin som mogleg på eit minst mogleg geografisk område i Noreg. I praksis betyr dette at vi ikkje ønsker villsvin i Noreg.

Dette er eit viktig førebyggande tiltak mot den alvorlege smittsame svinesjukdommen afrikansk svinepest.

Mattilsynet innfører dette tiltaket som ei mellombels ordning for å sjå om det gir ønskt effekt med raskare reduksjon av villsvinbestanden i Noreg.

Mattilsynet utbetaler i tillegg godtgjering for prøvetaking av dyr som er skotne under jakt, og godtgjering for å melde frå om sjuke og døde villsvin.

Jegere kan få godtgjørelse for å sende inn prøver av villsvin som er felt i Norge

Godtgjørelse for å melde fra om syke, skadde og døde villsvin

Godtgjering til grunneigar som ikkje driv næringsverksemd

Du kan sende søknad om godtgjering for villsvin felt på eigedommen din med dette skjemaet:

Innmelding av villsvin felt hos grunneier etter 23.10.2023

Skjemaet må innehalde informasjon om kva jeger som har felt dei villsvina du søker godtgjering for, fellingsdato, merkelappnummer på prøvene som er tatt, og kontaktinfo til jegeren. Godtgjeringa til grunneigaren er ikkje avhengig av at jegeren sender inn krav om godtgjering for innsende prøver.

Send skjemaet til: villsvin@mattilsynet.no.

Godtgjering til grunneigar som driv næringsverksemd

Du kan få utbetalt godtgjeringa til ei registrert verksemd. Sjå under for korleis du sender inn krav. Godtgjeringa går inn i rekneskapen for verksemda.

Verksemder som er mva.-pliktige, skal legge mva. til godtgjeringa på 4000 kroner per dyr.

Verksemder som ikkje er mva.-pliktige, fakturerer same takst: 4000 kroner per dyr eks. mva.

Sende faktura som EHF

Vi ønsker helst at du sender oss faktura på EHF-format. Mattilsynets organisasjonsnummer er 985399077. I feltet "Deres ref." skriv du 3940A0100837.

Les meir om å sende EHF til Mattilsynet: Er jeg næringsdrivende? (skatteetaten.no)

Du må også oppgi den informasjonen som trengst for å kople dei felte dyra til spesifikke jegerar på spesifikke fellingsdatoar. Det vil seie informasjon om jeger som har felt villsvina som du søker godtgjering for, fellingsdato, merkelappnummer på prøvene og mobilnummer til jegeren.

Sende faktura på e-post

Viss du ikkje kan sende EHF, kan du sende faktura på e-post til fakturamottak@mattilsynet.no. Fakturaen må innehalde det følgande for verksemda:

  • namn og adresse
  • kontaktinformasjon
  • organisasjonsnummer
  • bankkontonummer

I tillegg må du oppgi Mattilsynets koststad M32300 på fakturaen.

Du må også oppgi den informasjonen som trengst for å kople dei felte dyra til spesifikke jegerar på spesifikke fellingsdatoar. Det vil seie informasjon om kva jeger som har felt kvart enkelt villsvin du søker godtgjering for, om det blir tatt prøver av desse, og mobilnummeret til kvar enkelt jeger.