Skip to main content

Dyresjukdommar – kven har ansvar for kva?

Ansvaret for dyresjukdommar er fordelt på mellom ei rekke instansar. 

Publisert

Alle har ansvar for å melde frå

Alle har ansvar for å unngå å spreie smitte av dyresjukdommar, og å melde frå Mattilsynet ved mistanke om smittsam dyresjukdom som kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar: Melde om smittsam dyresjukdom

Næringsretta dyrehald skal ha oppdatert kompetanse

Det kravet om at dyrehaldarar i næringsretta dyrehald skal ha gjennomført eit kurs i dyrehelse: Du må ha kompetanse om sjukdom og smittevern

Mattilsynet har ansvar for beredskap og tiltak

Mattilsynet har ansvar for beredskap, risikohandtering og tiltak mot dyresjukdommar. Mattilsynet set mellom anna i verk overvaking, kartlegging, tiltak (mellom anna fastsetjing av vernesoner og avliving), importforbod og deltar i internasjonale forum.

Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurderingar

Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurdering knytt til dyresjukdom, dei analyserer prøver tatt i Noreg og har ansvar for ulike overvakingsprogram, sjå www.vetinst.no

Helsedirektoratet skal førebyggje smitte til menneske

Helsedirektoratet, har ansvar for beredskap, handtering og kamp dersom dyresjukdommar blir spreidde til menneske. Direktoratet har styresmakt på sosial- og helselovgivingsområdet og kan setje i verk førebyggjande tiltak i samfunnet, sjå Helsedirektoratets nettsider (helsedirektoratet.no)

Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske

Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske, rådgiving om smittevern for menneske og vaksineberedskap. Instituttet deltek i internasjonale overvakingsnettverk innan smittevern og gir råd og informasjon til helsestyresmaktene, helsetenesta og publikum om sjukdom, smitte, smittevern og vaksinasjon, sjå www.fhi.no