Rapport

Overvakingsprogram for fotråte på sau 2024

Det er ikkje påvist vondarta fotråte i overvakingsprogrammet for fotråte i 2024 der 115 00 sauer sjekka for fotråte. Det er nå fem år sidan fotråtesmitte er påvist i Noreg. På grunn av den kroniske karakteren til sjukdommen og varierande sjukdomsteikn er det likevel viktig å ha stor fokus på klauvhelse og overvake sauepopulasjonen med tanke på mistenkelege forandringar på klauvene for å vere sikker på at kampen har vore vellykka.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Føtene til sau til slakt blei undersøkte med tanke på forandringar som er samsvarande med fotråte. Animalias klauvinspektørar deltok i målretta inspeksjonar ved slakteri i Rogaland fordelte på 140 inspeksjonsdagar. 

I 2024 blei det samla inn 141 prøver frå 127 dyr som hadde kliniske symptom som kunne vere i samsvar med fotråte. 

Tidsrom
2024
Kva leita vi etter?

Prøvene blei undersøkte med molekylære metodar for å oppdage bakterien Diechelobacter nodosus, som forårsakar fotråte.

Kva fann vi?

Det blei ikkje påvist fotråte i nokon av prøvene i 2024. Den siste påvisinga av fotråte på sau var i 2019.

Kven utførte oppdraget?

På slakteriet bruker vi erfarne «snuere» til å inspisere sauene og plukke ut dyr med kliniske symptom. Dei har i 2024 hatt 114 inspeksjonsdagar i perioden når det blir slakta mykje sauer. Veterinærinstituttet analyserer prøvene.

Du finner OK-programmet på Veterinærinsituttets nettsider: Fotråte hos sau (vetinst.no).