Rapport

Overvakingsprogram for fotråte på sau (2025)

Fagleg gjennomgått
Kva blei undersøkt?

Føtene til sau til slakt blei undersøkte med tanke på forandringar som er samsvarande med fotråte. Animalias klauvinspektørar deltok i målretta inspeksjonar ved slakteri i Rogaland fordelte på 114 inspeksjonsdagar. På dei dagane blei det inspisert 108 000 sau.

I 2025 blei det samla inn 93 prøver frå 80 dyr som hadde kliniske symptom som kunne vere i samsvar med fotråte.

Tidsrom
2025
Kva leita vi etter?

Prøvene blei undersøkte med molekylære metodar for å oppdage bakterien Diechelobacter nodosus, som forårsakar fotråte.

Kva fann vi?

Det blei ikkje påvist fotråte i nokon av prøvene i 2025. Den siste påvisinga av fotråte på sau var i 2019.

Kven utførte oppdraget?

På slakteriet bruker vi erfarne "snuarar" til å inspisere sauene og plukke ut dyr med kliniske symptom. Dei hadde i 2025 114 inspeksjonsdagar i perioden da det blei slakta mykje sauer. Veterinærinstituttet analyserte prøvene.

Du finn rapporten om fotråte hos sau på nettsida til Veterinærinstituttet: Fotråte hos sau (vetinst.no)