Mykje bruk av antibiotika kan føre til meir LA-MRSA

Eit høgt forbruk at antibiotika fører til auka reistens hos bakteriar. Høgt forbruk av antibiotika kan også bidra til at LA-MRSA lettare etablerer seg og blir spreidd i ei besetning.

Publisert

På den måten kan eit høgt forbruk bidra til ein høgare førekomst av LA-MRSA hos dyr. I Noreg har vi generelt god dyrehelse, og det blir brukt lite antibiotika og andre medisinar i husdyrproduksjonen samanlikna med andre land.

Smitten som har vore påvist hos gris i Noreg, stammar sannsynlegvis frå utlandet. Vi går ut frå at han kom inn i norske grisebesetningar via menneske.