Open gard
Viser de fram dyra dykkar på ein gard som elles er i vanleg drift som gard? Dette blir kalla "open gard". Les kva råd og reglar som gjeld for dykk.
Open gard er eit arrangement som blir gjennomført av og til, og som berre varer nokre timar kvar gong. Dyra på garden blir viste fram i dei vante omgivnadene sine. Målet er å marknadsføre og synleggjere norsk husdyrhald.
Viss opplegget er meir varig, kan det hende de er ein besøksgard i staden. Sjå reglane for besøksgardar.
Viss de viser fram dyra utanfor dei vante omgivnadene sine, skal de følge reglane for utstillingar, stemne, kåringar, marknader og konkurransar.
Her har vi samla reglar de må følge når de arrangerer open gard. Vi gir også nokre råd som vi anbefaler at de følger.
Førebygg smitte
Gjestane kan smitte dyra dykkar, og dyra dykkar kan smitte gjestane. Kva må de gjere for å unngå at dyr og gjestar tar med seg smitte inn i eller ut av dyrehaldet? Dersom de har open gard, bør de inkludere dette i smittevernplanen dykkar. Les meir om smittevernplan.
Meld frå til Mattilsynet
De må melde frå til Mattilsynet om arrangementet. Dette gjer de via Mattilsynets skjematenester. Vel "Nytt dyrehald" under oversikta over skjema.
Vi må ha meldinga seinast sju dagar før arrangementet går føre seg. I meldinga skal de svare på desse spørsmåla:
- Kvar og når skal arrangementet vere?
- Kva dyreartar er med?
- Kor mange dyr skal samlast? Oppgi eit omtrentleg tal dersom de ikkje veit nøyaktig.
- Kor kjem dyra frå?
- Kva tiltak planlegg de for å hindre smitteoverføring? Beskriv dei i meldinga.
- Viss de skal vise fram andre dyr enn dykkar eigne, må de også opplyse om dette.
Vi vurderer om smitteverntiltaka er gode nok. Vi bruker også informasjonen for å komme i kontakt med dykk viss det oppstår mistanke om smittsam sjukdom.
Vareta dyrevelferda
Å bli vist fram kan vere ei belasting for eit dyr. De må tenke gjennom korleis de skal vareta velferda til dyra når dei blir viste fram. Dersom de viser fram andre dyr enn dykkar eigne, vil desse dyra ha ekstra behov for tilrettelegging.
Pass på dei som besøker dykk
Kontakt mellom menneske og dyr kan vere til gjensidig glede, men slik kontakt kan også medføre risiko for spreiing av smittsame sjukdommar. Gi gjerne besøkande råd om førebyggande tiltak:
- Minn dei om å vaske hendene etter kontakt med dyr.
- Informer gjerne om at upasteurisert mjølk / rå mjølk og produkt laga av slik mjølk kan innehalde sjukdomsframkallande bakteriar: Rå mjølk bør varmebehandlast.
- Forklar dei at dei må vente 48 timar med å komme på besøk etter at dei ha vore i kontakt med klauvdyr eller fjørfe i utlandet: Karenstid etter utanlandsopphald.
Viss de skal selje mat i samband med open gard, må de også følge reglane som gjeld for dette. Les om dette på sidene våre om sal og servering av mat.