Til hovedinnhold

Innsyn i dyrevelferdssaker

Retten til innsyn i offfentlege dokument gjeld òg for dokument som handler om mishandling eller anna vanstell av dyr. Se kva for opplysingar du kan få og ikkje, og korleis du søker om innsyn.

Publisert

Alle har rett til å be om innsyn i saker om dyrevelferd. Mattilsynet gir innsyn i mange saker kvart år. Samtidig er det nokre grenser i lova som gjer at vi ikkje alltid kan utlevere all informasjonen i ei sak.

Nokre opplysingar har vi ikkje lov å gi ut

Mattilsynet har ikkje lov til å gi innsyn i opplysingar om personlege forhold. For denne typen opplysingar gjeld det ei lovbestemt teieplikt i forvaltingslova, og offentleglova seier at opplysingar som fell under den lovbestemte teieplikta, skal ein unnta frå offentleg innsyn.

Det er Stortinget som har fastsett lovene som Mattilsynet må følge, og når det gjeld å følge reglane om teieplikt, har ikkje Mattilsynet nokon valgmogleheit.

Vi kan sjelden gi opplysingar om privatpersonar sitt dyrehald 

Blant dei opplysingane som reknast som «personlege forhold», er informasjon om at privatpersonar har brote lova. Vanstell eller mishandling av dyr er eksempel på slike lovbrot. Derfor vil det vere brot på teieplikta viss Mattilsynet leverer ut slike opplysingar. Det vil ofte ikkje vere mogleg å anonymisere dokumentet og levere ut resten, fordi nokon allereie kjenner til namnet på personen som saka gjeld. Det vil vere brot på teieplika å levere ut personlege opplysingar når personen allereie er kjent.

Vi kan som regel gi opplysingar om produksjonsdyrehald

Mattilsynet leverer som regel ut opplysingar i saker kor eit lovbrot er knytta til produksjonsdyr i ei verksemd. Det finst likevel nokre unntak.

Eitt slik unntak kan vere at saka ikkje er endeleg avgjord. I slike tilfelle er det ikkje ønskeleg at saka blir omtalt offentleg før den saka gjeld har fått uttale seg.

Eit anna unntak er når saka blir ei straffesak. Dei alvorlegaste sakene vi avdekker melder vi nemleg til politiet. Mattilsynet leverer normalt ikkje ut opplysingar i saker som er under politietterforsking. Men når dommen har falle i slike ei straffesak, kan ein be domstolen om innsyn i dommen. Viss du vil ha innsyn i ein dom, må du kontakte domstolen hvor saken blei behandla. 

Les meir om reglane for innsyn i dommar hos Domstoladministrasjonen (domstol.no)

Her kan du søke innsyn eller lese rapportar om dyrevelferd

Du finn Mattilsynet sin offentlege journal på eInnsyn. Her kan du søke etter dokument som Mattilsynet har mottatt, sendt eller oppretta, og be om innsyn i dokumenta.

Mattilsynet publiserer regelmessig rapportar om funna vi gjer når vi fører tilsyn med dyrevelferd. Du finn rapportane på sida om tertial- og årsrapporter for dyrevelferd.