Krav til dyrehaldjournal for lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien
Alle som har lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien, skal ha dyrehaldjournal.
- Oppdaterte krav til dyrehaldjournal for lama, alpakka og andre dyr av kamelfamilien
Rettleiing om plikta til å journalføre opplysingar om dyrehald med lama, alpakka eller andre dyr av kamelfamilien er oppdatert og presisert. Det er lagt til eksempel på korleis du kan føre delar av ein dyrehaldjournal.
Opplysningar som skal førast i dyrehaldjournalen
Dyrehaldjournalen skal for lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien innehalde opplysningar om
- artane og talet på dyr som blir haldne på anlegget
- for kvart enkelt dyr som blir halde på anlegget:
- identifikasjonskoden som går fram av dyrets identifikasjonsmerke
- registrerings- eller godkjenningsnummeret til avsendaranlegget og datoen for flyttinga dersom dyret kjem frå eit anna anlegg
- registrerings- eller godkjenningsnummeret til mottakaranlegget og datoen for flyttinga dersom dyret er flytta til eit anna anlegg
- fødselsdato (eller fødselsmånad og -år dersom datoen er ukjend)
- datoen eller månaden og året for hendinga dersom dyret har døydd, blitt slakta eller har gått tapt på anlegget
- plasseringa av mikrochipen dersom ein slik er brukt på dyret
- dyrets opphavlege identifikasjonskode dersom denne har blitt endra, samt årsaka til endringa
- for kvar gruppe av dyr som blir flytta frå anlegget:
- namnet og adressa til den driftsansvarlege på mottakaranlegget
- datoen for flyttinga
- talet på dyr i gruppa
- for kvar gruppe av dyr som blir flytta til anlegget:
- namnet og adressa til den driftsansvarlege på avsendaranlegget
- datoen for flyttinga
- talet på dyr i gruppa
- dokument (helsesertifikat, veterinærattestar og eigenerklæringar) som skal følgje med dyr som flyttast til anlegget frå andre anlegg i Noreg eller frå utlandet
- biosikkerheitstiltak, overvaking, behandlingar, testresultat og andre relevante opplysningar
- resultata av eventuelle dyrehelsebesøk
- for kvart enkelt dyr som blir halde på anlegget:
- sjukdommar og skadar og mogeleg årsak
- behandling av sjukdommar og skadar
- mogeleg dødsårsak eller årsak til avliving dersom dyret døyr naturleg eller avlivast
- det førebyggjande helsearbeidet i anlegget
Føring, oppdatering og oppbevaring av dyrehaldjournalen
Du vel sjølv om du vil føre dyrehaldjournalen på papir eller elektronisk.
Dyrehaldjournalen skal bidra til å sikre sporbarheit, til dømes når vi kjempar mot smittsam sjukdom. Det er derfor viktig at dyrehaldjournalen er oppdatert til kvar tid.
Dyrehaldjournalen skal oppbevarast av den driftsansvarlege på anlegget i minimum ti år. Journalen skal kunne visast til Mattilsynet viss vi spør om det. Plikta til å oppbevare dyrehaldjournalen gjeld sjølv om dyrehaldet på anlegget blir avvikla.
Overføring av helseopplysningar ved flytting av dyr
Dersom dyr skal bli flytta permanent til eit anna anlegg, må du sørge for at ein kopi av dei journalførte opplysningane om sjukdommar og skadar hos dyret, og behandling av desse, følgjer med dyret.
Eksempel på dyrehaldjournal
Det er ingen krav om at dyrehaldjournalen skal vere utforma på ein bestemd måte. Det som er viktig, er at han inneheld alle opplysingane det er krav om skal vere med. Under finn du eksempel på korleis enkelte delar av ein dyrehaldjournal kan utformast. Du kan laste dei ned og bruke dei når du skal lage din eigen journal, om du vil.
Last ned eksempel på dyrehaldjournal for lama, alpakka eller andre dyr av kamelfamilien.
Eksempel – Dyrehaldjournal for lama alpakka og andre dyr av kamelfamilien (ODT)
Eksempel – Dyrehaldjournal for lama, alpakka og andre dyr av kamelfamilien (ODS)
Ver merksam på at du kan ha ansvar for å dokumentere fleire opplysningar enn vi har informert om her. Merk spesielt at all legemiddelbruk på matproduserande dyr skal dokumenterast for å vareta mattryggleiken.