Obduksjon av kamelidar – overvaking for tuberkulose

Noreg har sjukdomsfri status for tuberkulose (M. bovis, M. caprae og M. tuberculosis). Dette blir dokumentert med eit overvakingsprogram.

Publisert

Kamelidar er mottakelege for tuberkulose, og dei kan spreie tuberkulosesmitte. Kamelidar blir derfor overvakte for tuberkulose, blant anna i kjøttkontrollen. I tillegg oppfordrar Mattilsynet dei driftsansvarlege for kamelidar til å melde frå til Mattilsynet om

  • alle sjølvdøde kamelidar som er eldre enn ni månader
  • importerte kamelidar og avkom av desse som døyr eller blir avliva på grunn av sjukdom, uansett alder

Mattilsynet avgjer om eit dyr skal sendast til Veterinærinstituttet for obduksjon. Alternativt kan Mattilsynets veterinær gjennomføre ein feltobduksjon. Det er mest aktuelt der det er lange avstandar til laboratoriet.

I tillegg til at innsende dyr blir undersøkt for tuberkulose, vil dei om nødvendig også bli undersøkte for andre agens (bakteriar, parasittar, anna) og andre lidingar av ikkje-infeksiøs natur. Desse tilleggsundersøkingane er gratis for eigaren. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt med spesielle undersøkingar eller oppfølgande undersøkingar i anlegg. Desse må avtalast på førehand med Veterinærinstituttet, og eigaren vil bli fakturert.

I desember 2022 blei det påvist storfetuberkulose (Mycobacterium bovis) i eit dyrehald med storfe i Suldal kommune i Rogaland. Eitt storfe i eit kontaktdyrehald i Masfjorden i Vestland testa også positivt for smitte. Som ein konsekvens av dette vil nokre kamelidar i Rogaland og Vestland bli testa for antistoff mot Mycobacterium bovis i blodet. Mattilsynet vil ta kontakt med den driftsansvarlege i aktuelle dyrehald før testing.

Meir informasjon

Tuberkulose
Tuberkulose (vetinst.no) 
Tuberkulose (fhi.no) 
Storfetuberkulose - smittevernråd til alle som er i kontakt med dyr
Spørsmål og svar om storfetuberkulose