Dokumentasjon knytt til godkjenning av slakteri
Slakteriet skal vere godkjent av Mattilsynet etter slakteriforskriftas § 4.
Det kjem også fram av § 4 kva som utløyser behov for ny godkjenningssøknad. Eksempel på driftsendringar som utløyser krav til ny godkjenning, kan vere innfasing av nytt utstyr eller nye metodar for blant anna sedering, bedøving og avliving.
I slakteriforskriftas § 5 bokstav a-f er det lista opp kva søknad om godkjenning minst må innehalde. Den skal blant anna innehalde informasjon om kva fiskeartar som skal slaktast, kva metodar og innretningar som er valde for bedøving og avliving og dokumentasjon på at desse er utprøvde og funne eigna.
Slakteriet skal ha løyve til eventuell slaktemerd etter etableringsforskriftas § 5.
Dokumentasjon av internkontrollsystem
Slakteriet skal ha eit internkontrollsystem som skal sikre ei systematisk gjennomføring av tiltak for å oppfylle akvakulturlovgivinga.
Dette inneber at de som slakteri må ha gjennomført ei risikovurdering blant anna med omsyn til fiskevelferd. De må også ha eit velfungerande avvikssystem og ha rutinar for å gjennomføre internrevisjon jf. IK-akvakultur §5.
Varsling og journalføring
Mattilsynet skal varslast med ein gong ved teknisk svikt eller andre forhold og hendingar som gir dårleg fiskevelferd for oppdrettsfisk. Vi skal også varslast ved uavklart auka dødelegheit og mistanke eller påvising av sjukdom på oppdrettsfisk.
Sjå meir: Varsle om sjukdom og velferdshending på fisk eller andre akvatiske dyr.
Verksemda skal ha rutinar for slik varsling jf. IK-akvakultur.