Regelverk for fiskevelferd på slakteri for akvakulturdyr
Krav til god fiskevelferd ved slakteri for akvakulturdyr blir først og fremst regulert gjennom dyrevelferdslova og forskrifter som er vedtatte med basis i denne lova.
Forskrift om slakteri og tilverkingsanlegg for akvakulturdyr (omtalt som slakteriforskrifta i denne rettleiaren) er den mest sentrale forskrifta. Slakteriet skal vere godkjent av Mattilsynet etter denne forskrifta. Slakteprosessen, frå pumping av trengd fisk og til den er forsvarleg avliva, blir også regulert gjennom denne forskrifta.
I tillegg gjeld forskrift om avliving av dyr § 3, som implementer forordning (EF) 1099/2009. I norsk omsetting av artikkel 3 nr. 1 (vedlegg til forskrifta) står det at "Dyr skal skånast for all unngåelig smerte, plage eller liding under avliving og annan knytte til aktivitet". Dette gir i praksis ikkje andre krav enn det norske særregelverket som er beskrive ovanfor.
Dersom fisk blir halden i slaktemerd, skal slakteriet ha eit akvakulturløyve til slaktemerd (ifølge laksetildelingsforskrifta som blir forvalta av Fiskeridirektoratet) med tilhøyrande godkjenning etter forskrift om etablering og utviding av akvakulturanlegg, zoobutikker m.m. (etableringsforskrifta).
Hald og trenging av fisk i slaktemerd blir regulerte gjennom forskrift om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskrifta).
Slakteriforskrifta og akvakulturdriftsforskrifta inneheld fleire nesten like føresegner. Dette gjeld blant anna krav om generell forsvarlegheit, kompetanse og bruk av velferdsmessig eigna metodar og utstyr.