Registrering av hestehald med produksjonsdyr som inngår i matkjeda
Viss ein eller fleire hestar i hestehaldet blir rekna som produksjonsdyr som inngår i matkjeda, må du registrere hestehaldet.
Den ansvarlege for hestehaldet har ansvar for registreringa og for at krava til god fôringspraksis og eventuelt fôrproduksjonspraksis blir følgde.
Registreringsordningar
Hestehald som får produksjonstilskot, blir registrert hos Mattilsynet via data frå Landbruksdirektoratet. Desse hestehalda treng derfor ikkje å gjere noko aktivt for å registrere seg.
Viss hestehaldet ikkje har rett til produksjonstilskot, må du registrere hestehaldet i Mattilsynets skjemateneste. Bruk skjemaet "Nytt dyrehald".
Krav til hestehaldet
Når det gjeld fôring av hest, gjeld vedlegg III om "god fôringspraksis".
Viss de i tillegg produserer fôr, skal de tilfredsstille vedlegg I om krav til primærproduksjon av fôrvarer og retningslinjer for god produksjonspraksis i tillegg til anna relevant regelverk knytte til fôrvarer.
Regelverk
Forskrift om forhygiene
Kilde: Lovdata.no