Registrering og godkjenning av verksemder i fôrkjeda

Med få unntak skal alle verksemder i fôrkjeda, frå primærproduksjon til produsentar, omsettarar, lagerhald og transportørar, vere registrerte eller godkjente.

Innhald på denne sida

  1. Registrering og godkjenning av verksemder i fôrindustrien
  2. Registrering av primærprodusentar
  3. Registrering av hestehald med produksjonsdyr som inngår i matkjeda
  4. Registrering av transportørar
  5. Registreringskrav for *forsøksfôrinstitusjonar

Kravet til registrering, eventuelt godkjenning, følger av forskrift om fôrhygiene, som gjennomfører forordning (EF)183/2005 artikkel 9 og 10.

Om ei verksemd skal registrerast eller godkjennast, avheng av aktiviteten for verksemda. Det er den driftsansvarlege for verksemda som har ansvaret for registrering eller godkjenning, og for at verksemdene etterlever relevant regelverk.

Nokre fôraktivitetar krev også registrering eller godkjenning etter TSE-forskrifta. Verksemder som produserer og handterer medisinfôr må registrerast eller godkjennast i samsvar med medisinfôrforskrifta.

Registrering og søknad om godkjenning blir gjord via skjemaet "Registrering og/eller godkjenning av fôrverksemd" i Altinns skjemaløysing.

Når du er registrert eller blir godkjent, får du tildelt eit registrerings- eller godkjenningsnummer som består av den internasjonale IsO-koden for Noreg (NO) og eit fleirsifra nummer. Godkjente verksemder vil i tillegg få teiknet α før NO. Verksemda blir sett på ei offentleg liste over registrerte og godkjente fôrverksemder på mattilsynet.no.

Det at alle ledd i fôrkjeda skal vere registrerte eller godkjente, gjer det mogleg for Mattilsynet å gjennomføre offentleg kontroll. Det er berre tillate å skaffe og nytte fôrvarer frå verksemder som er registrerte eller godkjente, og listene kan brukast til å sjekke at dei du handlar med, er registrerte eller godkjente.

Liste over godkjente produkter og virksomheter


Registrering og godkjenning av verksemder i fôrindustrien


Registrering av primærprodusentar


Registrering av hestehald med produksjonsdyr som inngår i matkjeda


Registrering av transportørar


Registreringskrav for *forsøksfôrinstitusjonar