Registrering av primærprodusentar

Alle primærprodusentar som produserer fôr til eller fôrar dyr bestemte til næringsmiddelproduksjon, skal vere registrert. 

Publisert

Primærprodusentar som får produksjonstilskot vil automatisk bli registrerte via data frå Landbruksdirektoratet. Fiskeoppdrettarar (brukarar av fôr til fisk) vil automatisk bli registrerte via Fiskeridirektoratets register over akvakulturløyve.

Registrerte primærprodusentar skal tilfredsstille vedlegg I om krav til primærproduksjon av fôrvarer og retningslinjer for god produksjonspraksis, og/eller vedlegg III om god fôringspraksis. Dei skal også tilfredsstille  anna relevant regelverk knytte til fôrvarer.

Halde unna registreringsplikta er

  • fôrproduksjon til og fôring av dyr bestemt til næringsmiddelproduksjon som blir konsumert i eige privat hushald
  • primærprodusentar som årleg sel eller omset inntil 15 tonn landbruksfôr (korn eller grovfôr) innanfor ein avstand av 30 km (forskrift om fôrhygiene § 3)

Særskilde krav til visse primærprodusentar

Produsentar som blandar sitt eige fôr og bruker (reine) tilsetningsstoff eller premiks, skal registrere seg i Mattilsynets skjemateneste under aktiviteten "produksjon" og produksjonsforma "produksjon av blandingar til eiga besetning og som inneber *registering".

Mattilsynets skjemateneste

I tillegg til krava i vedlegg I og III skal primærprodusentar oppfylle krava i vedlegg II. De må også gjennomføre ein fareanalyse basert på HACCP-analyse og styre og kontrollere i tråd med denne. Det inneber å kartlegge forhold som kan utgjere ein fare for fôrtryggleiken og sette i gang risikoreduserande tiltak og rutinar.

Regelverk

Forskrift om forhygiene