Registrering og godkjenning av verksemder i fôrindustrien

Reglane for registrering og godkjenning gjeld for verksemder som blant anna produserer eller omset tilsetningsstoff og premikser til fôr.

Publisert

Du finn reglar for godkjenning og registrering i forordning (EU) 183/2005 vedlegg IV.

Verksemder som må ha godkjenning

Tilsetningsstoff

Verksemda skal vere godkjent dersom de produserer og eller omset 

  • teknologiske tilsetningsstoff: antioksidantar som det er fastsette eit størsteinnhald for
  • ernæringsmessige tilsetningsstoff: alle typar
  • sensoriske tilsetningsstoff: fargestoff i gruppa karotenoider og xantofyller
  • avltekniske/zootekniske tilsetningsstoff: alle typar

Premikser

Verksemda skal vere godkjent dersom de produserer eller omset premikser som inneheld 

  • ernæringsmessige tilsetningsstoff:
    • A- og D-vitamin
    • Sporstoff: Koppar og selen
  • avltekniske/zootekniske tilsetningsstoff: andre avltekniske/zootekniske stoff
  • koksidiostatika og histomonostatika

Fôrblandingar

Verksemda skal vere godkjent dersom de produserer fôrblandingar som inneheld 

  • avltekniske/zootekniske tilsetningsstoff: andre avltekniske/zootekniske tilsetningsstoff
  • koksidiostatika og histomonostatika

Annan produksjon

Verksemda skal også vere godkjent dersom de

  • behandlar vegetabilsk olje
  • produserer feittsyrer
  • produserer biodiesel
  • blandar feitt

Dette kjem fram av forordning (EU)183/2005 vedlegg II, pkt. 10 om "Anlegg og utstyr".

Verksemder som skal registrerast

Verksemder som ikkje blir omfatta av plikta til godkjenning skal vere registrerte.

Dette gjeld

  • produsentar og omsettarar av fôrvarer som ikkje er godkjenningspliktig
  • frittståande lagar
  • transportørar av fôrmidlar (råvarer), tilsetningsstoff, premikser og bruksferdige fôrblandingar

Detaljhandel av fôrvarer til selskapsdyr/kjæledyr er halde unna registreringsplikta.

Krav til godkjente eller registrerte verksemder

Enten verksemda er registrert eller godkjent, er det dei same krava og pliktene som gjeld.

Verksemda må oppfylle relevante krav om grunnføresetnader som gjeld anlegg og utstyr, personale, produksjon, kvalitetskontroll, lagring, transport, registrering/journalar, reklamasjon og tilbakekalling av produkt (forordning (EU) 183/2005, vedlegg 2).

Vidare blir det stilt systemkrav til verksemda om å styre og kontrollere aktivitetane i tråd med ein gjennomført fareanalyse basert på HACCP-prinsippa (forordning (EU)183/2005, art. 6 og 7).

Europeisk fôrindustri har utarbeidd retningslinjer som kan brukast som eit hjelpemiddel for å oppfylle krava. Desse finn du på EUs nettside.

Europakommisjonen har laga eit nyttig rettleiingsdokument om registrering og godkjenning: Guidance document on the implementation of certain provisions of Regulation (EC) No 183/2005 laying down requirements for feed hygiene(europa.eu)

Det at alle ledd i fôrkjedene skal vere registrerte eller godkjente, gjer det mogleg for Mattilsynet å gjennomføre offentleg kontroll. Det er berre tillate å skaffe og nytte fôrvarer frå verksemder som er registrerte eller godkjente.

Mattilsynets saksbehandling og tilsyn

Mattilsynet kan følge opp registreringa med kontroll for å verifisere at krava er oppfylte.

Du som søker godkjenning, skal også erklære at dei tilfredsstiller relevante krav i vedlegget til forordninga 2 og styrer og kontrollerer i tråd med gjennomført HACCP-analyse. Dei kan likevel ikkje sette i gang aktivitetar som krev godkjenning før Mattilsynet har kontrollert at verksemda oppfyller krava.

På visse vilkår kan Mattilsynet gi vilkårsbunden godkjenning (artikkel 13). Innan 3 månader skal Mattilsynet ha gått gjennom dokumentasjonen som grunnlag for ei eventuell permanent godkjenning. Denne tidsfristen kan forlengast til maks 6 månader,

Regelverk