Ultraprosessert mat

Mykje av maten vi et, er prosessert i ei eller anna form, men det finst i dag ingen definisjon av omgrepet ultraprosessert i europeisk eller norsk matregelverk. Likevel er mange av problemstillingane knytte til ultraprosessert mat allereie dekte av dagens regelverk for prosessert mat.

Publisert

For mange forbrukarar har omgrepa prosessert eller ultra­prosessert mat negativ betyding. Men kva betyr eigentleg desse omgrepa? Og kva reglar gjeld for denne typen mat?

Det er mat­produsentane som har ansvar for at maten blir produsert etter regelverket, og at maten er trygg. Mattilsynet utviklar regelverk som mat­produsentane skal følgje, og rettleier om korleis regelverket skal forståast. Regelverket baserer seg på tilgjengeleg kunnskap og blir oppdatert når ny kunnskap ligg føre. Vidare fører Mattilsynet tilsyn med at produsentane følgjer det gjeldande regelverket.

Kva er prosessert mat?

Prosesserte eller foredla produkt, som dei blir kalla i mat­regelverket, er mat som blir framstilt ved hjelp av éin eller fleire foredlings­prosessar. Mange foredlings­prosessar er konserverings­metodar som blei tatt i bruk allereie for fleire tusen år sidan, slik som tørking, salting og fermentering. Nokre prosesserings­teknologiar er nye, som for eksempel enzymatisk hydrolyse, som "kuttar opp" molekyl i mindre bitar slik at produkt som kosttilskot lettare kan fordøyast og takast opp i kroppen. Ein kjent prosesserings­metode er pasteurisering, ein type varmebehandling som bidrar til å drepe helse­skadelege bakteriar som for eksempel E. coli og Salmonella. I tillegg til å auke mat­tryggleiken kan prosessering påverke innhald av uønskte stoff, smak og tekstur, auke haldbarheita og gi betre utnytting av råvarer, og også av næringsstoff.

Definisjonen av prosesserte/foredla produkt finst her: Næringsmiddelhygieneforskrifta (lovdata.no)

Kva er ultra­prosessert mat, og kvifor er det vanskeleg å definere det?

Det finst ikkje ein universell og samlande definisjon av ultra­prosessert mat i dag. Fleire system klassifiserer maten ut frå gradar av bearbeiding, og i alle desse systema blir ultra­prosessert mat definert på ulike måtar. Det finst heller ikkje noka vitskapleg eller internasjonal einigheit om kva som er det mest eigna systemet. Dermed blir det også vanskeleg å definere eit skilje mellom "ultra­prosessert" og annan, mindre prosessert mat.

Det mest kjente systemet heiter NOVA, og det beskriv ultra­prosessert mat etter blant anna desse kriteria:

  • ingrediensar som for det meste blir brukte av industrien
  • råvarer som er brotne ned og deretter sette saman igjen
  • tilsett sukker, feitt og salt, ofte i kombinasjon

Tilsettingsstoff må godkjennast før bruk

Tilsettingsstoff blir ofte nemnde i samband med ultra­prosessert mat. Desse stoffa blir brukte fordi det i produksjon av mat kan vere behov for å for eksempel endre konsistens, auke haldbarheita eller gjen­opprette farge.

All bruk av tilsettings­stoff er strengt regulert. Alle tilsettings­stoff har vore gjennom ei omfattande vurdering og testing før dei blir tillatne brukt i mat. Noreg har same regel­verk som EU med detaljerte reglar for kor mykje og i kva produkt det er tillate å bruke dei ulike tilsettings­stoffa. EFSA, den europeiske myndigheita for næringsmiddel­tryggleik, revurderer jamleg tryggleiken til alle tilsettings­stoff. Alle tilsettings­stoff skal stå i merkinga på produkta.

For at eit tilsettingsstoff skal kunne bli godkjent til bruk i mat, må det vere eit definert behov, og bruken må verken innebere ein helserisiko eller villeie forbrukarar.

Meir om: Bruk av tilsetningsstoff

Påverkar tilsettingsstoffa fordøyingskanalen?

Mattilsynet har opplevd noko bekymring blant forbrukarar og mat­produsentar om enkelte tilsettings­stoff, blant anna karragenan og andre konsistens­middel, og effekten dei har på fordøyings­kanalen. Mattilsynet følgde opp bekymringa ved å be Vitskaps­komiteen for mat og miljø (VKM) om å kartleggje forskinga om effektar på fordøyings­kanalen i 2023. Kartlegginga blei oppdatert i 2025. Per i dag gir ikkje kunnskapsgrunnlaget grunn til å vere bekymra for bruken av konsistensmiddel.

Les meir her: Konsistensmidler og tarm: en oppdatering (vkm.no)

Kva er prosessframkalla stoff?

Prosessframkalla stoff oppstår ved at det skjer kjemiske endringar i stoff som allereie finst i maten, for eksempel ved steiking, grilling, tørking eller fritering. Desse stoffa kan også bli danna ved tillaging av mat heime. Eksempel på prosess­framkalla stoff er furan, akrylamid og poly­sykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

I dag er det grenseverdi for PAH i mat­regelverket, mens grense­verdiar for akrylamid og furan er under utvikling. Dette blir gjort på grunnlag av innsamla data om innhald i ulike produkt og uavhengige vitskaplege vurderingar hos EFSA. Det er ikkje tillate å selje mat som inneheld slike stoff i konsentrasjonar over dei gitte grense­verdiane. Det er mat­produsentane sitt ansvar å sikre dette. Det finst også grenseverdiar for andre uønskte stoff i mat, slik som plante­toksin, miljøgifter, legemiddel­restar og plantevernmiddel­restar. Mattilsynet analyserer også matvarer for enkelte stoff der det er behov for meir kunnskap om førekomsten.

Meir om: Prosessframkalla stoff

Meir om: Råd for å redusere helseskadelege stoff ved grilling

Korleis skal maten merkast?

Merking av mat skal vere korrekt og gi tilstrekkeleg informasjon til forbrukarane. Alle ferdigpakka matvarer skal vere merkte med visse obligatoriske opplysingar, som for eksempel ei ingrediens­liste som seier kva matvara er laga av. Tilsettings­stoff og aromaer i matvarer skal stå i ingrediens­lista. Tilsettingsstoff skal bli oppgitt med E-nummer og/eller spesifikt namn. Funksjonen til tilsettings­stoffet skal også vere ført opp, for eksempel at det er ein anti­oksidant. Ved merking og marknads­føring av matvarer skal mat­produsentar sikre at forbrukarane ikkje blir villeidde.

Kva gjer Mattilsynet?

Offentleg kontroll og regelverksutvikling

Mattilsynet gjennomfører årlege kontrollar av matvarer på den norske marknaden basert på risiko og krav i regelverket. Vi kartlegg og fører tilsyn med blant anna

  • uønskte stoff i mat
  • bruk av tilsettingsstoff
  • beriking av matvarer
  • næringsinnhald
  • produktmerking

Mattilsynet deltar også i arbeidsgrupper i EU som utviklar regel­verket norske mat­produsentar må følgje, og rettleier om korleis det skal forståast.

Korleis blir risiko vurdert?

Den europeiske myndigheita for næringsmiddel­tryggleik (EFSA) og Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) vurderer om det er ein risiko, mens risiko­handtering og risikokommunikasjon blir gjord av Mattilsynet.

EFSA gjer uavhengige vitskaplege risiko­vurderingar knytte til mat og næringskjeda og gir råd til EU-kommisjonen, EU-parlamentet og medlemslanda i EU/EØS. For norske forhold ber vi VKM vurdere risiko for oss viss vi meiner det er behov. VKM sikrar at myndigheitene får uavhengige vitskaplege risiko­vurderingar av forhold som har noko å seie for helse­messig trygg mat og for miljøet.

Vi innhentar også kunnskap gjennom kunnskapsstøtte-institutta våre (Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet).

Meir om: EFSA (efsa.europa.eu)

Meir om: Vitskapskomiteen for mat og miljø (vkm.no)