Hovudprioriteringar innan servering og omsetning i 2026
Catering-verksemder skal få rettleiing tilpassa bransjen sin
Mattilsynet utarbeidde i 2025 rettleiing til regelverket for catering-verksemder. Rettleiinga for trygg mat blei publisert på Mattilsynets nettside, mattilsynet.no. I 2026 vil vi bruke målretta kommunikasjon tilpassa bransjen og forbrukarane for å gjere rettleiinga kjend og lett tilgjengeleg for verksemdene.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?
Erfaring frå utbrot og hendingar viser at nokre serveringsstader produserer mat med sjukdomsframkallande bakteriar.
Korleis jobbar Mattilsynet med dette?
I 2025 blei rettleiinga retta mot catering-bedrifter på nettsidene våre oppdatert.
Mattilsynet vil bidra til at tilsette på catering-kjøkken (som ikkje er ein del av smilefjesverksemdene) handterer råvarer og produkt på ein trygg måte. Vi skal kommunisere rettleiinga aktivt til bransjen. Vi vil også nytte sosiale medium for å nå ut med bodskapen.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
Alle registrerte cateringsbedrifter vil få eit rettleiingsskriv.
Betre innsikt i frittståande daglegvarebutikkar – risikofaktorar og praksis som påverkar mattryggleiken
Mattilsynet skal skaffe betre innsikt i risikofaktorar og praksis som påverkar mattryggleiken i frittståande daglegvarebutikkar.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?
Nokre matvarer i frittståande daglegvarer kan innebere kjemiske eller mikrobiologiske helsefarar.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
Mattilsynet skal (gjennom tilsyn og intervju med verksemdsansvarlege) skaffe innsikt i korleis enkelte frittståande daglegvarebutikkar varetar trygg mat og held seg oppdaterte på matregelverket. Vidare vil vi bruke innsikta til å utarbeide dei tre viktigaste årsakene til regelverksbrot og ei oversikt over dei vanlegaste kjemiske og mikrobiologiske farane ved matvarer i frittståande daglegvarebutikkar.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
- Nokre butikkar kan få tilsyn. I tilsyna vil det vere fokus på internkontroll og forbodet mot sal av energidrikk til barn under 16 år.
- Ti tilfeldig utvalde verksemdsansvarlege for frittståande daglegvarebutikkar vil bli kontakta av Mattilsynet for intervju. Målet med intervjua er å forstå utfordringane og behova i bransjen for rettleiing eller anna støtte for å omsette trygg mat i samsvar med regelverket.
Institusjonskjøkken og sårbare grupper
Mattilsynet skal bidra til at institusjonskjøkken ikkje serverer risikoprodukt til sårbare grupper.
Dette vil Mattilsynet gjennomføre i 2026
- 20 risikobaserte tilsyn på postkjøkken
- 20 dialogmøte med kommunale leiarar og kjøkkenansvarlege
- webinar med tilpassa rettleiing til kommunane
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
- Postkjøkken kan få tilsyn.
- Kommunar kan bli kontakta for kartleggingsintervju og rettleiing.
Forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år
Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2026. Mattilsynet skal føre tilsyn og gi rettleiing til verksemder som sel energidrikk.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
- gir rettleiing til utsalsstader
- inkluderer spørsmål om rutinar for alderskontroll ved tilsyn
- gir informasjon til daglegvarekjeder og andre utsalsstader, som sportsbutikkar og treningssenter
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
Verksemder som sel energidrikk, kan få spørsmål om salsrutinar og alderskontroll ved tilsyn.
Verksemder som sel energidrikk, vil få spørsmål om rutinar for sal og korleis dei fører kontroll med alder på kjøpar, når vi kjem på tilsyn. Dette vil naturleg bli gjort i samband med andre hensikter, som tilsyn i frittståande daglegvarbutikkar, ved tilsyn med legemiddelutsal utanom apotek (LUA), oppfølging av bekymringsmeldingar eller på smilefjesinspeksjonar i verksemder som også sel energidrikk.
Rettleiing om den nye forskrifta vil vere tilgjengeleg for utsalsstadene, slik at det blir enklare å gjere seg kjend med krava i forskrifta.