Donasjon av næringsmiddel
Verksemder som donerer mat, må følgje næringsmiddelregelverket på same måte som ved ordinær omsetning. De har ansvar for at maten er trygg, at de overheld regelverket, og at produkta kan sporast.
Forskriftene til matsvinnlova er framleis under utarbeiding, og donasjon er derfor foreløpig ikkje regulert gjennom vedtatte forskrifter. Vi vil komme med nærmare informasjon når forskriftsarbeidet er ferdig.
Datomerkinga avgjer kva som kan donerast
Mat merkt med “siste forbruksdag” kan berre donerast fram til datoen går ut.
Mat merkt med “best før” kan donerast både før og etter best før-datoen, dersom maten framleis er trygg og av tilfredsstillande kvalitet.
Matvarer utan krav om datomerking kan de donere når som helst, så lenge dei er trygge å ete.
Kva må de vurdere før de donerer næringsmiddel?
Før de donerer mat, må de kontrollere dei følgjande punkta:
- Maten har lang nok haldbarheit igjen, slik at han framleis er trygg å ete. Holdbarhetsmerking
- Emballasjen er heil og uskadd.
- Maten er lagra og transportert ved rett temperatur.
- Eventuell innfrysingsdato er dokumentert.
- Maten ser normal ut og har normal lukt og smak.
- Det er korrekt og tilstrekkeleg informasjon og merking. Sjå krav til merking av mat.
- Maten kan sporast, særleg dersom han er av animalsk opphav. Krav til sporbarhet og krav om identifikasjons- og stempelmerking av animalsk mat
Regelverk
Næringsmiddelhygieneforskriften
Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no
Ved matdonasjon kan detaljistar fryse ned kjøtt
Regelverket gir eit særskilt unntak som gjer det mogleg for detaljistverksemder å fryse ned kjøtt før utløpet av siste forbruksdato når kjøttet skal donerast. Det gjeld for eksempel daglegvarebutikkar, kioskar, bakeriutsal, restaurantar og kaféar, cateringverksemder og kantiner.
Kjøttet må frysast raskt
Innfrysinga skal skje utan unødig opphald til ein temperatur på −18 °C eller lågare.
De skal dokumentere datoen for innfrysing, enten på etiketten eller på ein annan eigna måte.
Ikkje frys opptint kjøtt på nytt
Kjøtt som allereie har vore frose og deretter tint opp (avrima kjøtt), skal ikkje frysast inn på nytt.