Prøvetaking og grenseverdi – Listeria – produksjon av rakfisk
For å verifisere at tiltaka for å hindre Listeria i produkta fungerer, skal du ta regelmessige prøver av produkta.
Prøvetakingsplanen må ivareta risikoen som er knytt til produktet. Spiseferdige næringsmiddel er delt inn i tre næringsmiddelkategoriar.
For meir informasjon om næringsmiddelkategoriar, prøvetaking og grenseverdi for Listeria monocytogenes, sjå: Veileder til regelverk om mikrobiologiske kriterier.
Frå 01.07.26 vil grenseverdien «ikkje påvist i 25 gram» i næringsmiddelkategori 1.2 gjelde i heile haldbarheitstida. Det vil seie at dersom det påvisast Listeria monocytogenes i eit slikt produkt må verksemda tilbakekalle partiet uansett mengda av Listeria monocytogenes som blir påvist.
Lakeprøver som produktprøve for heil rakfisk
I rakfiskproduksjon er kontakttida mellom fisk, butt og saltlake lang. Det er sannsynleg at Listeria finst i laken dersom fisken er forureina. Derfor kan du velje å bruke lakeprøver frå slutten av modningstida som dokumentasjon for produktet.