Prøvetaking og grenseverdi – tiltak mot Listeria i røykt og grava laks og aure
For å verifisere at tiltaka for å hindre Listeria i produkta fungerer, skal du ta regelmessige prøver av ferdigvarene.
Prøvetakingsplanen må ivareta risikoen som er knytt til produktet. Spiseferdige næringsmiddel er delt inn i tre næringsmiddelkategoriar.
For meir informasjon om næringsmiddelkategoriar, prøvetaking og grenseverdi for Listeria monocytogenes, sjå Veileder til regelverk om mikrobiologiske kriterier.
Frå 01.07.26 vil grenseverdien «ikkje påvist i 25 gram» i næringsmiddelkategori 1.2 gjelde i heile haldbarheitstida. Det vil seie at dersom det påvisast Listeria monocytogenes i eit slikt produkt må verksemda tilbakekalle partiet uansett mengda av Listeria monocytogenes som blir påvist.