Kunnskapsoppdatering om mattryggleik i tang og tare 2020

Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet laga ein rapport om kunnskapsoppdatering på mattryggleik i tang og tare. Rapporten tek føre seg tang og tare (makroalgar) til bruk i næringsmiddel og fôrvarer.

Publisert

Rapporten Knowledge update on macroalgae food and feed safety 2020 (hi.no) er viktig for Mattilsynets arbeid med å utvikle tilsyn og regel­verk og med å gi råd til forbrukarane og næringa.

Kunnskapsoppdateringa bekreftar tidlegare konklusjonar om at tang og tare kan ha eit problematisk høgt nivå av metall og jod, og det kan setje avgrensingar for bruk av tang og tare som mat og i fôr.

I den nye rapporten har vi fått meir data som gjer det mogleg å gi sikrare konklusjonar og differensiering mellom artar. Dermed har vi betre kunnskap om kva artar som er best eigna til produksjon og omsetning, og kva ein bør unngå for å sikre mat­tryggleiken.

Kunnskapsoppdateringa viser også til metodar som kan redusere jod­innhaldet og til forsking på mikrobiologi og bio­tilgjengelegheit.

Mattilsynets råd til forbrukarar

Mattilsynet held fast på rådet til befolkninga om å ikkje ete for store mengder tang og tare inntil vi har fått meir kunnskap.

Dei ulike artane har svært ulikt innhald

Havforskingsinstituttets kunnskapsoppdatering viser til at brunalgane sukkertare og butare, som er dei mest brukte artane i akvakultur­produksjon i Noreg, har lite uorganisk arsen og middels mengde kadmium og relativt høgt nivå av jod.

Fingertare kan ha eit problematisk høgt nivå av uorganisk arsen. Mattilsynet åtvarer derfor mot å ete fingertare.

Raudalgar og grønalgar har generelt mykje lågare nivå av jod enn brunalgar.

Innhaldet av bly og kvikksølv er generelt lågt.

Manglar grenseverdiar

Det er per i dag ingen øvre grense­verdiar i Noreg eller EU for arsen, kadmium, bly og jod i makroalgar til bruk i mat, bortsett frå nokon på kost­tilskot. Det er derfor per i dag vanskeleg å definere kva som kan reknast som lågt, middels, høgt eller akseptabelt nivå. På fôrvarer er det likevel fleire grense­verdiar i regelverket.

Grenseverdiar på både mat og fôr frå algar er under vurdering i EU.

Metodar for å redusere jodinnhald

Rapporten viser til forsking som tilseier at jod­innhaldet kan reduserast vesentleg i tare ved metodar som tørking, koking og steiking. Dette kan ha noko å seie for utvida bruk av artar som har høgt innhald av jod.

Forsking på rotter på biotilgjengelegheit av jod frå tare indikerer at 80 prosent kan bli tatt opp i dyra.

Mikrobiologi

Rapporten viser til ny kunnskap om mikrobiologi som tilseier at det bør takast forholds­reglar med god kjøling av varmebehandla produkt av makro­algar. Grunnen er mogleg førekomst av spore­dannande bakteriar. Sporedannande bakteriar utgjer liten risiko i ferske eller tørka produkt som blir brukte direkte og ikkje blir varme­behandla eller oppbevarte etter varmebehandling.

Andre mikrobiologiske data viste låge verdiar av totalt aerobt kimtal og dessutan låg førekomst av kuldeadapterte og spore­dannande bakteriar. Vidare blei det ikkje funne indikatorar på fekal kontaminering som enterokokkar og koliforme bakteriar, eller patogene vibrio eller Listeria monocytogene.

Kainsyre

Nytt i rapporten er også analyse av kainsyre. Dette kan vere eit problemstoff for mat­tryggleiken i algar, og særleg i arten søl. Kainsyre er eit naturleg giftstoff som kan gi hjerne­skadar ved inntak av for store mengder av stoffet.

Analyseresultat viser at innhald av kainsyre er relativt lågt i norsk søl.

Algar til bruk i fôr

Rapporten viser til forsøk som har vist at makroalgar som fôr til fisk via insekt kan bidra med viktige marine nærings­stoff til fôrkjeda, men det kan også vere ein risiko for at grense­verdiane for kadmium og arsen i dyrefôr blir overstigne.

Behov for meir kunnskap

Havforskingsinstituttet skriv at det framleis er behov for meir kunnskap om mattryggleiks­aspekt i tang og tare. For eksempel trengst det fleire analysar av metall i enkelte artar der data­grunnlaget er mangelfullt.

EU-arbeid om grenseverdiar

Det går føre seg ein prosess i EU med innsamling av data som vil bli vurdert ut frå behovet for nye eller korrigerte grenseverdiar på metall og handtering av det høge jodnivået i enkelte produkt.

Mattilsynet deltar i dette arbeidet, og Havforskings­instituttet har levert analysedata til EU.

Sjå også: EUs oppfordring om overvaking for tang og tare (eur-lex.europa.eu)