Til hovedinnhold

Tang og tare

Mattilsynet skal leggje til rette for hausting og oppdrett av tang og tare, og utvikle tilrettelagt regelverk og tilsyn for å sikre mattryggleiken.

Fagleg oppdatert

Innhald på denne sida

  1. Registrering av verksemd
  2. Regelverk om tang og tare
  3. Kva veit vi om mattryggleiken for tang og tare?
  4. Handtering av høgt jodnivå i enkelte tang- og tareprodukt

Tang og tare (makroalgar) består av tre grupper: brunalgar, raudalgar og grønalgar. Dei ulike gruppene og artane kan ha svært ulike eigenskapar og også innhald av ulike stoff.

Erfaringar har vist at det er viktig med tilstrekkeleg kunnskap om mattryggleik og regelverkskrav på eit tidleg stadium i utvikling av nye næringar og produkt. Viss dette ikkje er på plass, vil det kunne få negative konsekvensar for både helsa til forbrukarane og for potensialet til næringa for omsetning og eksport.

Mattilsynet ønskjer derfor ein god dialog med næringa og FoU-miljø for å sikre både trygge produkt og leggje til rette for utvikling av næringa.

Rettleiar

Mattilsynet har laga ein rettleiar både for deg som produserer og omset tang og tare som mat, og for deg som planlegg å starte opp slik produksjon.

Sjå Mattilsynet sin rettleiar om produksjon og omsetting av tang og tare til mat.