Rettleiar om produksjon og omsetning
Tang og tare som mat er ei relativt ny næring, og behovet for kunnskap om kva som er trygt, er framleis stort. Det finst heller ikkje eit spesifikt regelverk som regulerer tang og tare.
Det er viktig med tilstrekkeleg kunnskap om mattryggleik og regelverkskrav på eit tidleg stadium i utvikling av nye næringar og produkt. Viss dette ikkje er på plass, kan det få negative konsekvensar for både helsa til forbrukarar og for potensialet til næringa for omsetning og eksport.
Mattilsynet har laga ein rettleiar om dei viktigaste regelverkskrava og anna du må ta omsyn til når du skal produsere og omsette tang og tare som mat. I rettleiaren finn du også tilvisingar til viktige rapportar som samanfattar kunnskapen på området.
Vi anbefaler alle som produserer mat av tang og tare, og dei som planlegg å starte med slik produksjon, å lese han.
Veileder om produksjon og omsetning av tang og tare som mat