Trygge frukt og grønsaker er verksemda sitt ansvar

Alle verksemder som importerer, foredlar, omset eller handterer frukt og grønsaker, må sikre at produkta er av ein akseptabel hygienisk kvalitet og sørge for ei god hygienisk handtering.
 

Publisert

Frukt, bær og grønsaker kan vere forureina med bakteriar, virus og parasittar. Desse kan gi mage-tarmsjukdom.

Risikoen er spesielt knytt til eteklare produkt som blir produserte i land med varmt klima, der reint vatningsvatn kan vere mangelvare. 

Ansvaret for verksemda

Verksemdene har ansvar for å sikre at frukt og grønt ikkje inneheld helseskadelege mikroorganismar og at det kan sporast kor produkta kjem frå. Verksemdene skal ha system og rutinar som sikrar at regelverket blir overhalde, og dermed forhindrar import og omsetning av helseskadeleg mat.

Det er også viktig at alle verksemder, for eksempel daglegvarebutikkar, restaurantar, kantiner og liknande, handterer frukt og grønt på ein måte som sikrar god hygiene.

Forholdsreglar ved handtering av frukt og grønt

  • Frukt og grønt som toler dette, bør oppbevarast kjølig
  • Oppskore frukt og grønt og spirer skal oppbevarast kjølig
  • Skyl frukt, ber og grønsaker grundig før bruk
  • Hald frukt og grønt skilt frå rått kjøtt og fisk
  • Det er nokre produkt som det blir knytt ein auka risiko til. Risikoen kan reduserast ved at slike produkt blir varmebehandla før bruk. Dette gjeld spesielt om slike produkt skal tilsettast andre næringsmiddel som gir gode forhold for vekst av bakteriar.

Ver merksam på desse produkta

Bladgrønsaker og krydderurter

Bladgrønsaker og krydderurter blir ofte etne utan å bli varmebehandla først. På grunn av utforminga av produktet kan det lett fange opp smittestoff frå forureina vatningsvatn eller uhygienisk handtering. Bladgrønsaker og krydderurter som er importerte frå land med varmt klima, og kor reint vatningsvatn kan vere mangelvare, kan vere ekstra utsette. 

Restaurantar og andre serveringsstader som lagar mat med slike ingrediensar, må derfor vere ekstra merksame. 

Importerte krydderurter som blir tilsette i retter, kan gi gode vilkår for vekst av bakteriar. Derfor er det smart å varmebehandle krydderurtene først. Viss det ikkje er aktuelt med varmebehandling, vil ein kunne redusere risikoen for oppvekst av nokre smittestoff ved å tilsette produkta rett før konsum eller serverar dei ved sida av.

Minimais, sukkererter og asparges

Minimais, sukkererter og asparges er produkt som tradisjonelt blir varmebehandla før konsum i ei rekke eksportland. Varmebehandling reduserer mengda smittestoff, og produkta kan i utgangspunktet vere av ein dårleg hygienisk kvalitet utan at dette skaper problem i opphavslandet.

God kommunikasjon mellom importør og eksportør om tiltenkt bruk, er derfor viktig. Importert rå minimais, sukkererter og asparges bør givast eit oppkok før konsum.

Frosne bær

Det har vore registrert fleire utbrot med Norovirus og Hepatitt A i dei nordiske landa forårsaka av importerte frosne bær.

Norovirus og Hepatitt A-virus overlever svært godt på frosne bær og smittar til bæra ved uhygienisk handtering eller frå forureina vatn. Begge virusa døyr ved varmebehandling. Eit godt råd er derfor å koke importerte frosne bær i eitt minutt før dei blir nytta i retter som ikkje skal varmebehandlast. Du kan bruke kokande vatn, eller la bæra koke opp utan vatn og la dei boble i eitt minutt. Bæra treng ikkje å bli tinte først, ettersom det berre er utsida av bæra som kan vere forureina. 

Spirer

Produksjon av spirer går gjerne føre seg ved høg fukt kombinert med høg temperatur, noko som gir spesielt gunstige vekstvilkår for eventuelle bakteriar som finst på frøa.

Dersom bakteriane er sjukdomsframkallande, kan ein bli alvorleg sjuk av å ete slike spirar. Frø som skal nyttast til spireproduksjon må derfor ha blitt handtert på ein hygienisk måte. Dette gjeld også frø til heimespiring.

For å førebygge sjukdomstilfelle forårsaka av spirer er det fastsett hygienekrav for produksjon, omsetning og import av spirer og frø berekna til spireproduksjon.

Dårleg produksjonshygiene

Når ein finn bakteriar, virus eller parasittar i frukt og grønt kan dette komme av at det i produksjonslandet er brukt vatnings- eller vaskevatn som er forureina med avføring frå dyr og menneske.

Bakteriar, virus og parasittar kan også smitte til produkta ved dårleg handhygiene hos dei som haustar frukt og grønt, eller at hygienen har vore mangelfull ved lagring, transport, produksjon og sal. Det er for eksempel viktig at bærplukkarar har tilgang til gode toalettforhold og at opplæringa om hygiene er tilstrekkeleg.

I land utanfor EU/EØS er det ikkje alltid dei same krava til hygiene ved produksjon og handtering av frukt og grønt som innan EU.

Regelverk

  1. Næringsmiddelhygieneforskriften
  2. Matloven
  3. Matlovsforskriften