Til hovedinnhold

Bruk av skjematenesta

Alle som har verksemd i matkjeda frå jord/fjord til bord skal vere i Mattilsynet sitt register.

Publisert

Du har sjølv ansvaret for å melde inn verksemda før du startar opp. Sjølv om du søkjer produksjonstilskot må du melde inn verksemda. Det er ikkje automatisk registrering.

Ein fordel for deg ved bruk av skjematenesta er at du kan sjå kva vi har registrert på di verksemd. Du kan og sjå kva saker du har sendt inn og kva status dette har hos oss.

Når du bruker skjematenesta

  • Du bruker ID-porten for å logge deg inn
  • Du må velje at du skal rapportere for bedriftsorganisasjons-nummeret ditt. Dette er vanlegvis ikkje det same som føretaksorganisasjons-nummeret. (Les rettleiingsteksten inne i skjematenesta)

Det kan vere vanskeleg å vite kva for skjema og kva val ein skal gjera ulike stader. Vi set difor opp nokre eksempel på riktige kombinasjonar. Du skal sende inn eitt skjema for kvar aktivitet:

  • Viss du baker brød og sel dette frå eigen butikk skal du sende skjema "Ny næringsmiddelvirksomhet" to gonger. Eitt skjema for bakeriverksemda (Produksjon av baker og konditorvarer) og eitt skjema for butikkverksemda (Detaljomsetning og servering).  
  • Viss du fiskar og sel fisken vidare skal du sende inn skjemaet "Ny primærproduksjon og transport av fiskerivarer…." og "Ny næringsmiddelvirksomhet".

Etter at du har valt type aktivitet skal du velje produksjonsform. Det kan vere at du skal velje fleire produksjonsformer for same aktivitet.

Skal du drive ei mindre verksemd med animalske varer, og du vel å registrere verksemda i staden for å søkje godkjenning, skal du berre velje produksjonsforma som heiter "lokal og marginal omsetning". For type produkt er det då eigne avkryssingsboksar.

Eksempler på skjema

Du gjerSkjemaType aktivitetProduksjonsform
Produserer produkt av innlandsfiskNy matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerMottak, slakting og produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. Produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. - lokal og marginal omsetning (registreringspliktig). Foredling – fiskerivarer (godkjenningspliktig).
Produksjon av spiseferdige næringsmidler.
FiskarNy primærproduksjon og transport av fiskerivarer og muslinger m.m. FiskeFiske
Produserer mjølkeproduktNy matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerProduksjon av meieriprodukter Produksjon av melkeprodukt – lokal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produkt (godkjenningspliktig).
Produksjon av spiseferdige næringsmidler.
Produserer kjøttproduktNy matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerProduksjon av kjøtt og kjøttprodukter Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter – lokal og marginal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produksjon (godkjenningspliktig).
Produksjon av spiseferdige næringsmidler.
Bakar brød/flatbrødNy matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerProduksjon av baker- og konditorvarer Produksjon av ferske bakervarer / Produksjon av tørre bakervarer 
Sel vilt, fersk fisk, honning, egg. Serverer eller sel mat.Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerDetaljomsetning og servering av mat og drikke Omsetning av animalsk råvare direkte fra produsent (vilt, fisk, honning, egg). Gårdsutsalg, Restaurant og kafé, og fleire. Du skal legge til alle aktuelle produksjonsformer
Serverer eller sel mat på bondens torg, marknader, festival, fruktbod langs vegen mv. Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerDetaljomsetning og servering av mat og drikke Kortvarig salg av mat. Mobilt salg av matvarer. Mobilt salg av fiskerivarer.
Dyrkar grønsaker, frukt, bær mv., inkludert sortere, vaske, trimme og pakkeKontakt ditt lokale mattilsyn for registreringPrimærproduksjon, planter, mat og fôrFrukt og bær, Grønnsaker, Potet
Bearbeider vegetabil – skrelle, dele, foredle, pakke med pakkegass, pakke på fellespakkeriNy matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialerMottak og produksjon av vegetabilerFleire val – legg til alle aktuelle produksjonsformer
Sankar ville vekster, t.d. urter, sopp og bær Kontakt ditt lokale mattilsyn for registrering Sanking 
Har eiga vasskjelde og bruker over 10 m3/døgn Registrere vannforsyningssystem   
Har eiga vasskjelde og bruker under 10 m3/døgn Registrere små vannforsyningssystem