Dette må du passe på når du har eiga vasskjelde
Når du har eiga vasskjelde, er det fleire ting du må passe på knytta til hygiene, ledningsnett og internkontroll.
Sikring av brønn
Brønntoppen må vere tilstrekkeleg over bakkenivå. Vi tilrår minimum 40 cm over bakken. Det er viktig med god drenering for å hindre innsig av overflatevatn. Til dømes må det vere drenering ut frå kummen, slik at ein ikkje får oppdemming og overløp ned i brønnrøyret. For å unngå forureining og å hindre smågnagarar og andre dyr frå å kome inn i brønnen, må han vere tett, og dreneringsrøyr må vere sikra med rist eller netting. Lokket bør ha lås. Brønntoppen på ein borebrønn bør du sikre med brønnhus eller kum.
For borebrønn bør du ha brønnskjema frå boringsfirmaet. I brønnskjemaet skal det stå informasjon om korleis brønnen er utforma, til dømes lengda på fôringsrøyr, kor djup brønnen er og kor vassinnslaga kjem inn nede i brønnen (meter ned).
Tilsigsområde
Du må sikre deg at det ikkje er fare for tilsig frå forureiningskjelder. Eksempel på dette er kloakk frå eige hus, nabohus eller hytter, avrenning frå jordbruk, oljelekkasje frå jordbruksmaskiner, avføring frå beitedyr eller ville dyr. Ofte er det nødvendig å gjerde inn brønnområdet. Du må ha rutine for tilsyn med tilsigsområdet, til dømes ut til 100-200 meter frå brønnen.
Hygieniske barrierar
Drikkevassforskrifta har krav om at vern av vasskjelda og behandling av vatnet til saman skal gi tilstrekkelege hygieniske barrierar. Dei hygieniske barrierane skal hindre at drikkevatnet inneheld smittestoff eller kjemiske stoff i slike mengder at vatnet kan vere ein risiko for helsa. Vanlegvis er det godt nok med god kvalitet på råvatnet (vatnet rett frå vasskjelda) og desinfeksjon. Det er vanleg å desinfisere ved hjelp av UV-lys i små vassforsyningssystem.
I enkelte tilfelle der det er ein godt sikra grunnvassbrønn og vassprøver tatt over tid syner god kvalitet, er det kanskje ikkje behov for å desinfisere vatnet. Dette må du finne ut i samråd med Mattilsynet. I små verksemder med lite omfang, il dømes rømmeproduksjon på seter, kan du finne enklare løysingar for å sikre trygt vatn. Koking av vatnet kan vere ei løysing i slike høve. Dette må og vere i samråd med Mattilsynet.
Vassbehandling og UV-desinfeksjon
Før innkjøp av eit UV-anlegg er det viktig å ta prøve av råvatnet (vatnet frå brønnen), for å få eit anlegg som er tilpassa og dimensjonert for ditt bruk/ditt vatn. Det er viktig å undersøkje UV-transmisjon, fargetal og turbiditet. Avhengig av grunnforhold kan andre undersøkingar (parametrar) og vere aktuelle. Spør leverandøren av UV-anlegget om eit kapasitetsdiagram for å få informasjon om kor stor vassmengde anlegget kan behandle ved ulike verdiar for UV-transmisjon.
I internkontrollen må du ha system for kontroll av UV-anlegget som til dømes reingjering av kvartsglas, skifte av lamper, reingjering og kalibrering av UV-sensor og kontroll med varsellamper. Har du ikkje kompetanse til å drifte anlegget sjølv, bør du kjøpe denne tenesta.
Leidningsnett
Du bør vite kvar vassleidningane er, og det kan vere nyttig å teikne dei inn på eit kart. Du bør også vite kva materiale vassleidningane er laga av. Avhengig av vasskvaliteten kan det frå tid til anna vere behov for reingjering av vassleidningane, og du bør derfor ha tenkt gjennom korleis det skal skje. Ved sesongdrift må du ha rutinar for opning og stenging.
Internkontroll
Du skal ha internkontroll for å sikre trygt vatn og for å dokumentere at du følgjer krava i drikkevassforskrifta. Internkontrollen skal bygge på kartlegging og handtering av farar og vere tilpassa vassverket. Det betyr at du må kjenne heile vassforsyningssystemet godt, som til dømes vasskjelda med tilsigsområdet, inntaket, brønnen, UV-anlegget.
Du må ha kompetanse og oversikt over kva punkt du spesielt må passe på så vatnet ikkje vert forureina eller borte. Til dømes kan overflatevatn kome inn i brønnen under snøsmelting eller ved store mengder nedbør, lauv kan tette inntaket om hausten, og i tørre periodar kan brønnen gje for lite vatn. Du må vurdere kva driftsrutinar som er nødvendige for å sikre trygt og nok vatn. Internkontrollen for vassforsyninga kan vere ein del av internkontrollen for matproduksjonen.
Prøvetaking
Du må jamleg ta prøver for å dokumentere at vatnet er helsemessig trygt. Dette gjer du i driftsperioden og før sesongstart. Kor ofte og kva slags analysar er avhengig av storleiken på vassverket, type kjelde, vassbehandling og kva for drift det er i verksemda.
Det er viktig å ta prøvar under ugunstige vêrtilhøve (store mengder nedbør, snøsmelting, tørre periodar). Dette for å dokumentere at dei hygieniske barrierane er robuste nok til å levere trygt vatn heile tida. Dersom du driv verksemda 4 månader kvar sommar kan eit prøveuttak på 1 prøve før sesongstart og 1-2 prøvar i sesongen, ofte vere nok.
I vedlegga til drikkevassforskrifta står kvalitetskrava. Du må vurdere kva som er aktuelt for di vassforsyning og setje opp ein skriftleg plan for prøvetalking. Du kan ta kontakt med det lokale Mattilsynet for rettleiing. Det laboratoriet du bruker kan kanskje også hjelpe til med å sette opp prøvetakingsplanen. Prøveresultata må du vurdere opp mot krava i regelverket og også sjå på utvikling opp mot tidlegare resultat.
Regelverk
Drikkevannsforskriften
§ 6. Farekartlegging og farehåndtering
§ 19. Prøvetakingsplan
-
a. prøvene som er nødvendige for å sikre og vise at vannforsyningssystemet oppfyller kravene i § 5. Dette inkluderer minstekravene til råvannsprøver omtalt i § 20 og minstekravene til drikkevannsprøver omtalt i § 21. Dersom et vannforsyningssystem mottar drikkevann fra et annet vannforsyningssystem, kan vannverkseierne ved disse vannforsyningssystemene samarbeide om prøvetakingsplanen -
b. hvor prøvene skal tas, på vannbehandlingsanlegget og i distribusjonssystemet for å sikre at drikkevannet er i samsvar med kravene i § 5. Dersom vannverkseieren kan vise at konsentrasjonen av et gitt stoff i drikkevannet ikke øker utover i distribusjonssystemet, kan prøvene for analyse av disse stoffene tas rett etter vannbehandlingen -
c. når prøvene skal tas. Råvannsprøvene og drikkevannsprøvene skal fordeles gjennom året eller bruksperioden for å være mest mulig representative -
d. hvilke parametere de ulike prøvene skal analyseres for.
Kilde: Lovdata.no