Eigen kompost til dyrking
For å bruke eigen kompost må du i mange tilfelle ha godkjenning frå Mattilsynet. Det er krav til varmebehandling.
Kjøkken- og matavfall kan til dømes varmebehandlast i 60 minutt ved 70 °C, etter at alt materialet er delt ned til bitar på maksimalt 12 mm. Det er ikkje mogeleg å omgå kravet til varmebehandling ved å sortere vegetabilsk og animalsk kjøkkenavfall kvar for seg, eller ved å bruke bokhasi-kompostering.
Hageavfall må ein også hygienisere, ved til dømes rankekompostering. Varmebehandlinga skal sikre at komposten ikkje inneheld smittestoff.