Sanke og selje ville vekstar 

Dersom du skal sanke sopp, bær, urter eller blomar må du ha kunnskap slik at du veit kva som er eteleg.

Publisert

Område for sanking må ikkje vere forureina til dømes av biltrafikk, dyr eller folk.

Vekstane må du oppbevare ved riktig temperatur, og du må sørge for at dei ikkje vert forureina ved transport, sortering, eller pakking.

For å selje ville vekstar må du vere registrert hos Mattilsynet. Ta kontakt med ditt lokale avdelingskontor. Tilfeldig sal i små mengder krev ikkje registrering.

Les meir om sal av sopp: Omsetning av matsopp (PDF)