Viltlevande vilt
Viltlevande vilt blir kontrollert av Mattilsynet på viltbehandlingsanlegg.
Hjortevilt kan også bli kontrollert og få erklæring av kompetent jeger (feltkontrollør).
Ved transport til viltbehandlingsanlegg er det ikkje lov å stable slakta.
Skrottar av villsvin eller bjørn må kontrollerast av Mattilsynet på viltbehandlingsanlegg.
Godkjente verksemder kan berre ta inn hjortevilt som er kontrollert av Mattilsynet, mens registrerte verksemder også kan ta imot hjortevilt kontrollert av feltkontrollør. Nedskore kjøtt og produkt frå feltkontrollert vilt, kan ein berre selje direkte til sluttforbrukarar.
Ikkje-kontrollert slakt kan ein berre handtere i privat hushald. Tilfeldig omsetning direkte til sluttforbrukar er unntatt frå kontrollplikt.
Vilt skote i andre land
Skal du selje vilt du har skote i utlandet, må du innføre slaktet/kjøttet til Noreg. Viltet må ha gjennomgått offentleg kontroll og vere stempelmerka med ovalstempel. I skjematenesta registrerer du dette både som importør og detaljomsetning.
Jeger kan ta med seg kjøtt til eige bruk frå nokre land utan at det er kontrollert. Det er avgrensingar avhengig av type kjøtt og status for sjukdom i dei ulike landa.