Nyttig å tenke på ved utarbeiding av prøvetakingsplan
Dersom du nyttar råvarer frå eigen gard, må du tenke gjennom dei farane som er aktuelle i dine råvarer. Ut frå det set du opp plan for prøvetaking av råvarene.
Ved oppstart av ny produksjon kan det vere riktig å ta prøver ofte, for å lære å kjenne produksjonen. Det same gjeld ved endring i produksjonen. Viser analysane gode resultat over tid, kan du redusere talet på prøver.
Enkelte produkt har høgare risiko enn andre og dette krev eit meir omfattande prøveprogram. Har du mange ulike produkt, bør du ta ut flest prøver av dei produkta som har høgast risiko for førekomst av uønska bakteriar. Det er og krav til å ta prøver av miljøet.
Ut frå den vurderinga du gjer av farane i produksjonen, kan det vise seg å vere nødvendig å ta andre analysar enn det som står i regelverket, t.d. Bacillus cereus.
Dersom du nyttar nasjonale retningsliner for god hygienepraksis, kan du støtte deg på rettleiinga der.