Vurdering av resultat

Du må alltid vurdere resultata av prøvene opp mot grenseverdiane i mikrobiologiske kriterier. Du må ha kompetanse for denne oppgåva. 

Publisert

Dersom resultata er over grenseverdi (M) for kriterie for næringsmiddeltryggleik, set regelverket krav til handtering av dette partiet, og som ein hovudregel skal det ikkje omsettast. 

Det er og viktig å sjå på alle prøveresultata over tid og analysere utviklingstrekka. Ved å følgje med på endringar i prøveresultata kan du ut frå dette vurdere om det er behov for å gjere endringar i  produksjonsrutinane.