Nokre produkt kan i utgangspunktet vere forbodne å omsetje
"Ny mat" er næringsmiddel som ikkje i vesentleg grad har vorte brukte til konsum hos menneske i Noreg eller dei andre EU/EØS-landa før 15. mai 1997.
Døme på produkt som er godkjende som ny mat, er nyutvikla næringsmiddel som fosfolipider isolert frå kril. Artar som sjøpølse og trøffeltang kan også vere ny mat. Les meir om ny mat
Ny mat-forskrifta krev at ny mat skal vere førehandsgodkjend før omsetning. Det er forbode å omsetje ny mat utan godkjenning. Visse artar eller produkt til bruk i næringsmiddel kan derfor vere forbodne per i dag.
Det er den som skal omsetje eit næringsmiddel, som skal bevise om eit næringsmiddel er ny mat eller ikkje. For å bevise at eit næringsmiddel ikkje er ny mat, må ein kunne leggje fram dokumentasjon på at det aktuelle næringsmiddelet eller ingrediensen har vore brukt til humant konsum i eit eller fleire EU/EØS-land før 15. mai 1997. Viss ein er usikker etter å ha vurdert tilgjengeleg informasjon, kan ein kontakte det medlemslandet der ein først har til hensikt å omsetje næringsmiddelet. Ein må skaffe den informasjonen som er nødvendig for at medlemslandet kan avgjere ny mat-status.
I Noreg er det Mattilsynet som er ansvarleg styresmakt for å avgjere ny mat-status ved formelle førespurnader etter konsultasjonsprosessen. Slike førespurnader om ny mat-status skal rettast til og behandlast av Mattilsynets hovudkontor.
Eit anna regelverk som kan vere aktuelt, gjeld restriksjonar på bruk av protein av animalsk opphav i fôr: Bruk av dyr frå havet som fôr til matproduserande dyr.
I tillegg gjeld resten av regelverket under Mattilsynets ansvarsområde – spesielt aktuelt her er matlova, men også dyrevelferdslova og kosmetikklova kan komme til bruk.
Tilpassingar og endringar av regelverk er mogleg, men slike prosessar kan ta lang tid, og vil krevje eit godt kunnskapsgrunnlag.
Regelverk
Forskrift om ny mat
§ 2. Ansvarlig myndighet i Norge for avgjørelse av ny mat-status
Kilde: Lovdata.no