Tsjornobyl-ulykka og konsekvensar for mat i Noreg

Noreg fekk eit stort radio­aktivt nedfall etter Tsjornobyl-ulykka i 1986. Fjellområda i Gudbrandsdalen, Valdres, indre delar av Trøndelag og dessutan sørlege delar av Nordland var dei områda som blei hardast ramma av det radio­aktive nedfallet.

Publisert

Dei fleste radioaktive stoffa frå ulykka er heilt borte, men radioaktivt cesium har ei halverings­tid på 30 år og blir lett tatt opp av planter og dyr. Derfor tar det lang tid før stoffet er heilt ute av nærings­kjedene.

Utmarks­produkt som vilt, vill ferskvass­fisk, sopp og bær i forureina område har generelt høgare innhald radioaktivt cesium enn landbruks­produkt. Dyr som beitar på utmark i forureina område, inkludert sau og tamrein, får også høgare innhald av radioaktivt cesium i kjøttet enn husdyr på innmarks­beite.

Sjå kart som viser kor mykje nedfall av det radioaktive stoffet cesium-137 kommunane i Noreg fekk etter Tsjornobyl-ulykka (dsa.no)

Konsekvensane av ulykka for norske næringar

Kort tid etter ulykka innførte myndigheitene grense­verdiar for kor mykje radioaktivitet som var tillaten i mat som skulle omsettast. Dei første par åra etter Tsjornobyl-ulykka måtte store mengder norsk kjøtt og mjølk kasserast fordi innhaldet av radio­aktivitet overskreid grense­verdiane. Derfor blei det raskt utvikla ulike typar tiltak for å redusere innhaldet i kjøtt og mjølk for å forhindre over­skridingar av grense­verdiane og kassering av mat.

I over 30 år var det nødvendig med tiltak i reindrifts- og saue­næringane i enkelte område for å hindre nivå av radioaktivt cesium over grense­verdien og for å avgrense stråle­dosane til utsette grupper.

Grenseverdiane for radioaktivt cesium i mat blei oppheva frå 2025

I Noreg hadde vi nasjonale grenseverdiar for cesium 137 (lovdata.no) i mat heilt fram til dei siste føresegnene frå Tsjornobyl-handteringa blei oppheva 1. januar 2025. Overvaking av mat og miljø har vist at cesiumnivåa har gått mykje ned.

Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) laga i 2017 ei risiko­vurdering av radioaktivitet i norsk mat og drikke. Ho konkluderte med at det er svært låg helse­risiko knytt til radioaktiv forureining i mat og drikke for dei aller fleste.

Les risikovurderinga: Lav helserisiko ved radioaktivitet i mat og drikke (vkm.no)

Overvaking og beredskap blir vidareført

For å følge utviklinga av nivåa i mat og vite at maten er trygg vil Mattilsynet halde fram med over­vaking av radioaktivt cesium i mat. Overvakinga sørgjer også for å halde oppe måle­beredskapen i tilfelle eit nytt radioaktivt utslepp skulle ramme Noreg i framtida.

I Mattilsynets årlege overvakings­program for radioaktivitet i mat blir det tatt ut kjøtt­prøver på slakteria av sau og reinsdyr. Måle­resultata viser at det radioaktive innhaldet i nærings­middel er mykje lågare enn dei første åra etter Tsjornobyl-ulykka. I nokre område kan ein framleis finne dyr med verdiar over dei gamle grense­verdiane. Dette har likevel ingen helse­konsekvensar for befolkninga.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) overvaker også radioaktivt cesium i mat og miljø, inkludert daglegvarer frå butikk, vilt­veksande sopp og bær, vill­rein, sjømat og i husdyr på utmarks­beite.

Oppfordringar

Direktoratet for strålevern og atom­tryggleik og Mattilsynet anbefaler at ein ikkje får i seg meir enn 80 000 Bq av radioaktivt cesium per år. Dette svarer til ein stråle­dose på 1 mSv.

Folk flest treng ikkje tenke på dette fordi drikkevatn og dei aller fleste daglegvarene inneheld svært lite cesium-137. Personar som et store mengder tamrein, vilt, sau, vill ferskvass­fisk eller sopp og bær frå utmarksområde som blei ramma etter Tsjornobyl-ulykka, kan finne vurderingar knytte til mengder i VKMs risiko­vurderingar.

Tilbod om å måle eigen tamrein

Reindriftsutøvarar som et svært mykje kjøtt frå Tsjornobyl-forureina område kan kontakte Mattilsynet lokalt dersom dei ønskjer å måle matrein før slakting, slik at dei kan velje dyr med låge nivå.

Saltsleikestein med berliner­blått blir framleis anbefalt i relevante område

Bønder blir oppfordra til å gi dyra saltsleike­stein med berliner­blått i forureina område, sidan det er ønskeleg å halde nivåa av radioaktivt cesium i mat så låge som mogleg. Restar av radioaktivt cesium vil framleis finnast i utmark, og dei blir tatte opp av planter og sopp. Opptak frå tarmen blir hindra når dyra får tilskot av berliner­blått, så det resulterer i lågare nivå i kjøtt og mjølk. Berlinerblått kan bli gitt i saltsleike­stein (blåstein) eller i kraftfôr.

Les meir